Får mindre påverknad på Arktis
Personer
Arktis blir varma opp tre gonger raskare enn resten av planeten. I Arktisk råd jobbar ei rekkje land, deriblant Noreg, blant anna med dei alarmerande klimaendringane. Mange statar og folk har interesser i økosystema i Arktis, basert på alt frå behov for å verne sårbar natur til kommersielle interesser, som sjøferdsel og fiske. Dette har drive statar og folk til å samarbeide om styringa av regionen i fleire tiår.
132 av verda sine land- og vassbaserte økosystem ligg i komplekst politisk terreng, med fire eller fleire tilgrensande land. Ein knapp tredjedel av dei har styringsinstitusjonar eller -initiativ som er forankra spesifikt i desse økosystema, deriblant Arktis.
Men kvifor vel statar og andre politiske aktørar å styre med utgangspunkt i slike grensekryssande økosystem og -regionar? Kven får påverke? Og kva gjer denne forma for styring med internasjonal politikk?
Med utgangspunkt i Arktis har Elana Wilson Rowe (forskar 1, NUPI) sett nærmare på desse spørsmåla i artikkelen «Ecosystemic politics: Analyzing the consequences of speaking for adjacent natures on the global stage» (ope tilgjengeleg), som er publisert i siste nummer av det prestisjefylte tidsskriftet Political Geography. Artikkelen er den fyrste frå det store, EU-finansierte prosjektet Lorax.
Kven får lov til å bry seg?
- Eit interessant funn i artikkelen er at sjølv om det har blitt fleire «ikkje-arktiske» aktørar med i Arktisk råd-prosessar, ser det ut til at det blir mindre diplomatisk innverknad for statar som ikkje ligg i eller i nærleiken av regionane. Dette er overraskande, fordi det sidan 2007 – då isen i Arktis nådde rekordlåge nivå – har vore ein merkbar auke i offentleg og politisk engasjement i Arktis. No går vi inn i ein politisk æra der natur begynner å handle om meir enn «berre miljø», seier Rowe.
Det kan kome til å påverke korleis politikk faktisk blir «gjord» på det globale planet, forklarer NUPI-forskaren.
- Då er det viktig å vere merksam på kva rolle nye kjelder til innverknad kjem til å spele – for eksempel det å vere nærme heller enn langt unna økosystem som er viktige for heile verda. Kven får lov til å bry seg om og ha noko å seie om dei store økoregionane – som Arktis, Amazonas og verdshava? spør Rowe retorisk.
Har sameint dei arktiske statane
Forholdet mellom dei arktiske og ikkje-arktiske statane – som jo også gjerne har ei meining om styre og stell i Arktis – har endra seg gjennom dei siste 20 åra.
Les også:
Trass i at verda si merksemd mot Arktis har auka, viser Rowes artikkel at ikkje-arktiske aktørar gradvis har blitt mindre sentrale i regionen sin hovudmøteplass – Arktisk råd. Samtidig har det blitt fleire stader kor ein kan sette arktisk politikk på agendaen, for eksempel i andre multilaterale organisasjonar. Dette betyr at dei ikkje-arktiske statane også kan velje å ta kampsakene sine i andre multilaterale organisasjonar. Med andre ord har arktisk politikk blitt meir kompleks i løpet av dei siste 20 åra.
- Det at EU-parlamentet, eller Kina, med jamne mellomrom har prøvt å presentere Arktis som eit ikkje-styrt område – eller som eit såkalla globalt fellesområde – har sameint dei arktiske statane og fått dei til å «snakke for» Arktis i fellesskap. Dette har understreka kva dei meiner er styrte delar av naturen der, og den framståande og ansvarstunge rolla kyststatar har i internasjonal rett, seier Rowe.
Kven leier, kven deltek og kva er akseptabelt?
I artikkelen presenterer Rowe eit rammeverk for å analysere konsekvensane av å «snakke for» grensekryssande økosystem, ved hjelp av tre innfallsvinklar:
- Nettverk – Kven leier, og korleis fungerer leiarskapen?
- Hierarki – Kven deltek, og kva forhold formar feltet?
- Normer for politisk åtferd – Kva ser ein som akseptabel politisk åtferd?
- Miljøsamarbeid er oftast sett på som lågnivåpolitikk og, ikkje overraskande, som ei moglegheit for kontakt mellom statar som har vanskelege forhold på andre frontar. I Arktis har likevel dette miljøsamarbeidet hatt følgjer for hierarki rundt om i regionen. Desse hierarkia har så fått meir omfattande tyding for tryggleik, politikk og diplomati, forklarer Rowe.
- Fekk du med deg Russlandskonferansen 2020: Stormaktene og arktisk politikk? Sjå opptak her.
Enda viktigare under politisk uro
Styringa av Arktis har vore drive av fleire faktorar, for eksempel urfolksaktivisme, men også miljøsamarbeid og handtering av forureining på tvers av grenser.
- Nokre av dei tidlegaste formene for samarbeid der oppstod fordi ein måtte bli semje om dei grensekryssande økosystema i regionen, både med tanke på forsking og praktisk handtering, forklarer Rowe, og legg til:
Dei sosiale forholda og natur- og miljøforholda i regionen er definitivt kjernefokuset, men vi har også sett at Arktisk råd har blitt ein møtestad som har ført til meir bindande internasjonale avtaler, for eksempel rundt redningstenesta og korleis ein skal handtere potensielt fiske i det sentrale Polhavet når sjøisen trekkjer seg tilbake på grunn av klimaendringar.
- Høyr NUPI-podden: Utenrikspolitikken som forsvant i isen
- Mykje håp
Men ifølgje henne begynner samarbeidet å krinse meir rundt dei tryggare kjernespørsmåla når det breiare politiske klimaet er vanskeleg mellom om dei arktiske statane, noko det har vore sidan annekteringa av Krim og iverksetjinga av eit sanksjonsregime overfor Russland.
- Rundt dei arktiske statane har du også politikknettverk mellom urfolk og representantane deira, som både er politikarar og ekspertar, forskarar og andre tilknytte ekspertar. Desse har vore ei viktig kjelde til stabilitet og framgang gjennom Arktisk råd si historie, og speler kanskje ein enda større rolle når det er geopolitisk uro.
NUPI-forskaren meiner det stadig blir viktigare å betre forstå «tilleggskonsekvensane» av økosystemsamarbeid:
- Vi står overfor store, verdsomspennande miljøutfordringar - som klimaendringar og mindre biologisk mangfald - og vi ser samtidig til miljøet for å dekkje behova våre på vegen mot ei meir rettferdig og trygg verd. Dei fleste av desse utfordringane ser ein ofte på som nærmast uløyselege på globalt plan, men det er mykje håp med tanke på kva det regionale nivået kan tilby som ein plass for miljø- og samfunnsstyring ut over nasjonalstaten. Derfor er det viktig å forstå kva dei breiare konsekvensane av samarbeidet er og kan bli.
- Fekk du med deg Norsk utenrikspolitisk konferanse tidlegare i år? Sjå Paal Sigurd Hilde (førsteamanuensis, IFS) sitt innlegg Nordområdene - der Norge møter verden:
Personer
Publikasjoner
Fakta
Arktisk råd
- Arktisk råd er det einaste sirkumpolare politiske samarbeidsorganet på regjeringsnivå.
- Her møtest dei åtte arktiske statane (Canada, Danmark, Finland, Island, Noreg, Russland, Sverige og USA) og representantar for arktiske urfolk i desse landa for drøfting av saker av felles interesse.
- Rådet sitt mandat er å hjelpe til berekraftig utvikling og vern av miljøet i Arktis.
Kjelde: Regjeringa.no