Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Russlandskonferansen 2020: Stormaktene og arktisk politikk

Sett av 10. september i kalenderen og bli med oss på NUPIs årlege Russlandskonferanse – i år i online-format!
09 september 2020
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Webinar
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Russland og Eurasia
  • Arktis
  • Engelsk
  • Konferanse
  • Fysisk og digitalt

Obs: Klikk på lenkja i titlane for å komme direkte til dei ulike panela!

Arktis er ein region prega av eit omfattande samarbeid på mange ulike nivå. Folk i Arktis har alltid samarbeidd, driven handel og engasjert seg i felles prosjekt på tvers av landegrensene. Samtidig er Arktis prega av langvarig tryggingsrivalisering, og dei geopolitiske strategiane til dei ulike stormaktene med interesser i regionen kan fort skape nye presedensar for samhandling i Arktis.

Russlandskonferansen fyller 25 år - les heile historia her!

Korleis ser stormaktene – USA, Russland og Kina – på utviklinga i Arktis? Vil dei framleis sjå sine interesser best varetatt gjennom samarbeid? Og kva er dei mest presserande sakskompleksa i dag – område som kan og bør prioriterast trass i stormaktsrivaliseringa?

Bli med oss for ein ettermiddag med diskusjon og debatt – og bli med på samtalane! Det vil vere høve til å sende inn spørsmål på førehand via e-post (sjå lenkje under kvart panel) og direkte i dei digitale eventa på plattforma Microsoft Teams.

Panel 1: Noregs perspektiv på Arktis: Samtale med utanriksminister Ine Eriksen Søreide og NUPI-direktør Ulf Sverdrup.



12.00-12.30

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og NUPI-direktør Ulf Sverdrup

Korleis er Noreg til moglegheiter og utfordringar i Arktis? Korleis navigerer vi arktisk politikk i ein periode kjenneteikna av historisk dårlege relasjonar mellom NATO og Russland og ei veksande geopolitisk rivalisering? Korleis blir samarbeidsutsiktene oppfatta i Arktis og i Barentsregionen?

Panel 2: Innanrikspolitiske prioriteringar og internasjonale ambisjonar: Russlands Arktis-politikk



12.45-13.25 

Julie Wilhelmsen (NUPI, ordstyrar), Aleksander Sergunin (St Petersburg State University) og Helge Blakkisrud (NUPI)

Russisk Arktis omfattar eit enormt landområde og speler ei viktig og integrert rolle i russisk økonomi. Russlands tilnærming til Arktis blir også forma av komplekse og stadig endra sentrums-periferi relasjonar. Dette panelet tar for seg spørsmål som: Kva er dei innanrikspolitiske hovudutfordringane i russisk Arktis? Korleis oppfattar Moskva utviklinga i resten av delane av Arktis? Kva vil vere Russlands tilnærming til Barents-samarbeidet i åra som kjem? Og kva vil vere prioriteringane i landet under formannskapet i Arktisk Råd?

Panel 3: Kina: arktisk politikk og havforvaltning



13.30-14.15

Henrik S. Hiim (NUPI, ordstyrar), Alf Håkon Hoel (Universitetet i Tromsø ), Yun Sun (Stimson Institute, DC)

Den kinesiske rolla i Arktis er mykje diskutert. Oppfatningane spenner frå å sjå Kina som ein ansvarleg (og ein uunngåeleg) partnar til at landet utgjer ein tryggingstrussel i Arktis. Den kinesiske tilnærminga er samtidig – i ei viss grad – ei spegling av meir overordna posisjonar og preferansar når det gjeld internasjonal politikk og havforvaltning.  I dette panelet vil ekspertar på Kina og internasjonal havforvaltning diskutere i kva grad Kinas Arktis-politikk er spesifikk for Arktis, versus ei spegling av meir overordna prioriteringar. I kva grad samsvarer den kinesiske tilnærminga til forvaltning av verdshava med dei arktiske prioriteringane i landet? Og i kva grad påverkar tilnærminga mellom Russland og Kina Beijings arktiske strategi og prioriteringar? Send inn spørsmål til dette panelet her!

Panel 4: Amerikanske perspektiv på Arktis



14.30-15.00

Samtale mellom USAs koordinator for den arktiske regionen Jim DeHart og NUPI-forskar Elana Wilson Rowe.

Korleis vurderer USA moglegheiter og utfordringar i Arktis? Korleis navigerer Washington det endra tryggingsbiletet? Kva er utsiktene for arktisk samarbeid i eit mellomlangt perspektiv? Og kva vil vere USAs prioriteringar? Send inn spørsmål til dette panelet her!

Panel 5: USAs politikk i Arktis: stø kurs eller i endring?



15.15-16.00

Karsten Friis (NUPI, ordstyrar), Rebecca Pincus (US Naval War College), Robert Orttung (George Washington University) og Mike Sfraga (Polar Institute, Woodrow Wilson Center)

Dei arktiske statane har nyleg inngått fire bindande regionale avtalar. USA har tatt leiarskap i alle desse fire prosessane, i tre av tilfella i fellesskap med Russland. At stormaktene tar slike initiativ, har vore viktig for å utvikle den styringsarkitekturen vi har i Arktis i dag. I USA har det arktiske policy-nettverket djupe røter og ein lang tradisjon for å formidle forskingsbaserte tilrådingar og Alaskas bekymringar til avgjerdstakarane i DC.

Kor stabile er desse nettverka i ein æra prega av populistisk innanrikspolitikk og ein lammande pandemi? Arktis har også figurert USAs nye forsvarsstrategiar, der Kina og Russland blir halde fram som tryggingstruslar overfor USA i Arktis. Kva er hovudprinsippa i amerikansk tryggingspolitikk i Arktis, og korleis har desse endra seg under Trump-administrasjonen? Korleis trur paneldeltakarane USAs vil møte Russlands formannskap i Arktisk Råd? Send inn spørsmål til dette panelet her!

09 september 2020
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Webinar
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Russland og Eurasia
  • Arktis
  • Engelsk
  • Konferanse
  • Fysisk og digitalt