Hopp til innhold
NUPI skole

– No må Europa vise handlekraft

– Europa må fortsette å styrke eigne forsvarsbudsjett og auke støtta til Ukraina, meiner NUPI-forskar Karsten Friis etter valet av Trump som USAs president. Han har skrive ein NUPI-rapport som ser på konsekvensane av valet for europeisk tryggleik.
Karsten-cropped-169-med-rapportforside_small.jpg

EUROPA MÅ TA STØRRE DEL: – USA sitt fokus på Asia-Stillehavet er veksande, og dei militære og politiske ressursane avgrensa. Europa må nok belage seg på å ta ein endå større del av den tryggingspolitiske byrda i åra framover, seier NUPI-forsker Karsten Friis.

Foto: Mats Bakken/NUPI

6. november blei det klart at Donald J. Trump blir USAs neste president. 

–  Viss Trump held fram med å signalisere at «vi skal ikkje trekkjast inn i nye krigar», kan det i verste fall tolkast som at ein ikkje vil trø til og støtte allierte. Vi får sjå kva han seier framover, men dette er ei bekymring som finst i ein del hovudstader, sier forskar 1 Karsten Friis (NUPI).

Han er ein av forfattarane bak NUPI-rapporten US and UK Elections: Implications for NATO and Northern European Security, som vart publisert tidlegare i haust. Medforfattarar er Ed Arnold (Seniorforskar, RUSI) og Max Bergmann (Direktør for Program for Europa, Asia og Eurasia, CSIS).

Rapporten såg på kva Europa kan forvente på forsvars- og tryggingsfronten dersom høvesvis Trump og Harris vann valet. No er resultatet klart.

Donald Trump har fleire gonger trua med å trekkje USA ut av NATO. Friis trur ikkje det skjer, men er klar på at slike utsegn kan vere farlege.

–  Det kan invitere til provokasjonar og testar, altså at Russland eller Kina vil teste oss, og dermed skape nye situasjonar der vi er nøydde til å reagere. Så det kan bli ein farlegare situasjon ut av det, sier han.

Uansett må Europa ta meir ansvar for eiga tryggleik, ifølgje rapporten. Trump har uttrykt skepsis til støtte til Ukraina mange gonger

– Viss alle europeiske statar får panikk, kan det bli ein sjølvoppfyllande profeti. Den beste måten å sikre vidare amerikansk støtte til NATO på, er at Europa viser handlekraft med tanke på eigen tryggleik, og aukar støtta til Ukraina, meiner Friis.

– USA sitt fokus på Asia-Stillehavet er veksande, og dei militære og politiske ressursane avgrensa. Europa må nok belage seg på å ta ein endå større del av den tryggingspolitiske byrda i åra framover, samanfattar Friis.

Viktige poeng i rapporten:

  • Det amerikanske presidentvalet vil få store konsekvensar for framtida til NATO og europeisk tryggleik, med potensial for store forskjellar avhengig av resultatet.
  • Harris vil sannsynlegvis tilby meir kontinuitet med politikken til den noverande Biden-administrasjonen overfor NATO og Ukraina. Europeiske allierte bør likevel vere førebudde på at USA kan komme til å flytte meir ressursar og merksemd til Asia-Stillehavsregionen, gitt Kinas ambisjonar og innverknad.
  • Ein andre periode med Trump vil gi større uvisse og potensielt eit dramatisk skifte i USAs NATO-politikk. Trumps langvarige skepsis til alliansen, og dessutan innverknad frå rådgivarar som deler dette synet, kan føre til at USAs rolle i europeisk tryggleik blir monaleg svekt.
  • Harris har forsikra Europa om sin og USAs forpliktingar overfor europeisk tryggleik. Derfor vil europeiske statar ha få incentiv til å ta dei nødvendige grepa som trengst for å tilpasse seg ein stadig meir usikker tryggingssituasjon.
  • Med Trump i presidentstolen kan europearar oppleve at tryggingsalliansen med USA blir kasta ut i kaos, og dermed bli tvinga til å vurdere vanskelege og ubehagelege steg for å styrkje sin eigen tryggleik.
  • Storbritannias nye Labour-regjering, under statsminister Keir Starmer, har uttrykt ei tilnærming som set "NATO først" og ønskjer å "tilbakestille" forholdet til Europa. Dei gjennomfører ein strategisk forsvarsgjennomgang for å vurdere framtidige tryggingsbehov i lys av det skiftande geopolitiske landskapet. I dette er det amerikanske valresultatet ein avgjerande faktor.
  • Noreg og andre nordiske land må førebu seg på mindre amerikansk militært nærvær i Europa uavhengig av kven som vinn valet. Dette gjer det nødvendig med meir europeisk ansvar for forsvar og tettare samarbeid mellom allierte, inkludert auka forsvarsbudsjett og integrering av militære styrkar.

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Nord-Amerika
  • Konflikt
Relevant innhold
Forskningsprosjekt