Hopp til innhold
NUPI skole

Nytt redaktør-team i Internasjonal Politikk

Tre nye redaktørar tek over styringa i NUPI-tidsskriftet Internasjonal Politikk (IP).

Ole Martin Stormoen (f.v.), Thor Olav Iversen og Kristin Fjæstad har tatt over som redaktører for IP. 

Foto: Therese Leine

– Norsk utanrikspolitikk seglar vidare i stormfulle farvatn. Då treng vi eit solid og ope tilgjengeleg fagleg tidsskrift som legg vekt på norsk utanrikspolitikk, seier Thor Olav Iversen.

Iversen er en del av det nye redaktør-kollegiet i IP saman med Kristin Fjæstad og Ole Martin Stormoen. Dei ser fram til å føre vidare den lange tradisjonen til tidsskriftet for å fremje forskingsbasert kunnskap om internasjonale spørsmål og norsk utanrikspolitikk.

Og det er tydelegvis eit stort behov for denne typen utgiving. Dei siste åra har nedlastingane sjudobla seg.

Saman har dei tre ambisjonar om å gjere tidsskriftet endå meir relevant og tilgjengeleg for både andre akademikarar, studentar og alle som jobbar med og er interesserte i utanrikspolitikk.

Eit samfunnsoppdrag i endring

Internasjonal Politikk vart grunnlagd i 1937, og har sidan 1960 vorte gitt ut av NUPI. I snart ti år har det vore gratis og ope tilgjengeleg på nett for alle som eit såkalla “open access”-tidsskrift.

IP kjem ut i digitalt format fire gonger i året og publiserer originale fagarbeid på norsk, svensk og dansk.

Tidsskriftet siktar mot å nå breitt ut til publikum og spesielt dei med interesse for internasjonale relasjonar. Dette samfunnsoppdraget står framleis sentralt, men det nye redaktør-teamet vil samtidig utforske moglegheiter for å gjere tidsskriftet endå meir tilgjengeleg for offentlegheita i Noreg og Skandinavia. Dei vil også styrkje koplinga mellom akademia, styring og politikk ved å leggje vekt på praktiske bruksmåtar av forskinga.

Fokus på tilgjengelegheit og relevans

Det nye redaktør-teamet kjem frå kvar sin forskingsgruppe ved NUPI: Stormoen er frå Forskningsgruppen for tryggleik og forsvar, Iversen frå Forskningsgruppen for fred, krise og konflikt, og Fjæstad frå Forskningsgruppen for Russland, Asia og internasjonal handel.

– Dei tre komplementerer kvarandre godt med omsyn til forskingserfaring, metodologisk kompetanse og områdeekspertise. Vi har stor tru på at dei kjem til å gjere ein svært god jobb og løfte tidsskriftet ytterlegare, seier Kari M. Osland, direktør ved NUPI.

Iversen, som tidlegare har jobba som journalist og vore redaktør for fleire tidsskrift og magasin, trekkjer fram viktigheita av å bevare norsk som fagspråk.

– Vi må ta vare på norsk som eit levande fagspråk. Dette er avgjerande for å styrkje koplinga mellom akademia og den demokratiske offentlegheita. Eg ønskjer også å auke bruken av nynorsk i tidsskriftet, seier han.

Nyleg vart det kjent at Nordisk Østforum blir lagt ned i 2025. I lys av dette ser Fjæstad også eit klart behov for å styrkje dekninga av politikk i austlege regionar.

– Med mi faglege interesse, nettverk og bakgrunn vil eg bidra til at Internasjonal politikk ser litt meir austover, seier Fjæstad, som i fleire år har forska på statsdanning i det tidligare Sovjetunionen.

Ole Martin Stormoen, som er doktorgradsstipendiat ved NUPI, påpeikar at tidsskriftet har ei viktig rolle i å gi unge forskarar publiseringsmoglegheiter og erfaring.

– Vi vil halde fram med å vere ein arena kor unge forskarar kan få innpass, rettleiing og hjelp til å utvikle seg som forskerar.

Med erfaringa si frå tryggingspolitikk og ekstremismefeltet ser han spesielt potensial for å styrkje rolla til tidsskriftet i tryggleiks- og forsvarsdebatten.

Det nye redaktørteamet er altså oppteke av å vidareutvikle tidsskriftet i takt med samtida sine utfordringar. Dei vil vektleggje formidling, inkludere fleire stemmer i den faglege samtalen og skape eit sterkare samband mellom akademia og andre delar av demokratiet.

Blir ikkje berre lese av akademikarar

Dei førre redaktørane, Minda Holm, Niels Nagelhus Schia og Pernille Rieker, har drive tidsskriftet sidan 2017.

– Å få vere redaktørar for Internasjonal politikk har vore ei stor glede. I ei tid der dei fleste fagdebattar går føre seg på engelsk i lukka tidsskrift, har det vore både meiningsfullt og interessant å få jobbe med eit tidsskrift som også løftar fram internasjonale spørsmål på skandinavisk. Ikkje minst gjeld dette fokusspaltene våre, som har gitt plass til faglege refleksjonar rundt høgaktuell tematikk. Det er ein styrke at tidsskriftet ikkje berre blir lesne av andre akademikarar, men også av politikarar, studentar, journalistar, og andre som er interesserte i global politikk. Vi er sikre på at den nye redaksjonen vil gjere ein strålande jobb med å vidareutvikle tidsskriftet, og ønskjer dei lykke til, uttalar dei tre utgåande redaktørane. 

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • NATO
  • Cyber
  • Etterretning
  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Handel
  • Internasjonale investeringer
  • Globalisering
  • Regional integrasjon
  • Utviklingspolitikk
  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Norden
  • Fredsoperasjoner
  • Humanitære spørsmål
  • Konflikt
  • Sårbare stater
  • Migrasjon
  • Nasjonsbygging
  • Nasjonalisme
  • Opprørsgrupper
  • Pandemier
  • Klima
  • Energi
  • Hav
  • Menneskerettigheter
  • Styring
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
  • FN
  • AU