Arrangement
G20 og framveksande makter: Kva betyr utviklinga for Noreg?
Meld deg på arrangementet her.
G20s betydning i global styring er aukande, og i 2024 er Noreg invitert med i organisasjonen som gjesteland. Samtidig er også organisasjonen sjølv i endring. Framveksande stormakter som Brasil, India, Kina, og Sør-Afrika har ei meir framståande rolle enn før.
Kva er dei framveksande stormaktene sine syn på G20s rolle og funksjon, og på reform av multilaterale organisasjonar? Og korleis arbeider dei med å fremje alternativ til etablerte multilaterale organisasjonar, slik som BRICS?
Eit team av NUPI-forskarar har analysert dei politiske posisjonane i desse landa og identifisert nokre viktige funn, inkludert:
- Framveksande makter deler ei hovudinteresse i auka utanrikspolitisk autonomi og krev omfordeling av makt og innverknad.
- Reform av multilaterale organisasjonar – som FNs tryggingsråd, Verdsbanken og IMF – er på dagsordenen, men analysen vår tyder på at det ikkje er hovudprioriteten.
- Hovudfokuset for reform er auka representasjon og inkludering av multilaterale organisasjonar, og ikkje nødvendigvis effektiviteten deira.
- G20s dagsorden har over tid utvida seg til å dekkje fleire saksområde, og framveksande makter verkar fornøgd med denne utviklinga.
- Påstandar om å representere det "Globale Sør" blir ofte framheva, men det er spenningar mellom dei politiske posisjonane til framveksande makter og låg- og minst utvikla land.
Program:
- 09:30: Velkommen og kort innleiing om NUPIs hovudfunn v/ John Karlsrud
- 09:38: Innlegg ved utanriksminister Espen Barth Eide
- 09:50: Panelsamtale med utanriksminister Barth Eide, Cedric de Coning (NUPI), Cristiana Maglia (NUPI) og Hans Jørgen Gåsemyr (NUPI).
- 10.30: Slutt
Det blir opna for spørsmål frå salen.
Ordstyrar er John Karlsrud, leiar for forskingsgruppa for fred, konflikt og utvikling (NUPI).