Arrangement
Frukostseminar: Kva skal vi gjere med cybertrusler?
Vi serverer frukost frå 08.30!
Korleis forsvarer nasjonar seg etter 30 år med cyberangrep? Michael Sulmeyer vil under dette seminaret fokusere på individuelle, institusjonelle og nasjonale reaksjonar på tvers av forsvars- og førebyggjande tiltak for å avgrense og svare på cybertrusler. Den generelle konklusjonen hans er at nasjonar i dag bruker meir innsats på å reagere på angrep enn å forhindre dei i utgangspunktet. Sulmeyer har skrive fleire artiklar om cyber, som denne og denne.
Sulmeyer er prosjektleiar for cyber-prosjektet ved Harvard Kennedy Schools Belfer Center. Han har tidlegare vore direktør for cyberpolitikk ved kontoret til den amerikanske forsvarsministeren. Sulmeyer er og ein av redaktørane for den anerkjende tryggingspolitiske bloggen Lawfare. Han tok doktorgrada på Universitetet i Oxford og er i tillegg utdanna jurist frå Stanford. Hans seinaste artikkel omhandlar korleis cyber-kapasiteter kan, og bør, blir integrert i planlegginga av konvensjonelle militære operasjonar.
Arrangementet er i regi av NUPIs forskingssenter på cybertryggleik. Senteret driv ei rekkje forskingsprosjekt knytt til politiske og samfunnsmessige aspekt ved cybertryggleik, som t.d. globale utfordringar når det gjeld styring av cyberspace, kapasitetsbygging i utviklingsland, og dessutan internasjonalt samarbeid mellom statar og private aktørar knytt til det digitale rommet.