Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Eit meir samankoppelet Asia – nye moglegheiter i Europa?

Handel og infrastrukturprosjekt skyt fart i Asia. Korleis kan det endre forholdet mellom land i Asia og Europa?
04 mars 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Handel
  • Europa
  • Asia
  • Engelsk

Mange asiatiske økonomiar er tett samanfletta og Europa er ein stor marknad for produkta deira. Internasjonal handel og verdikjeder fremjar stabilitet i ein region som også har mange konfliktar og territoriale tvistar. Mange land i regionen investerer no tungt i fysisk og digital infrastruktur, og Kina mobiliserer stadig fleire partnarar og ressursar bak sitt «Belte og veg-initiativ» (Belt and Road Initiative – BRI).

Kva har dette å seie for betre koplingar («Connectivity») og overordna relasjonar mellom ASEM-landa? Og kan meir samankopling gå hand i hand med grøn og berekraftig utvikling?

5. mars arrangerer NUPI saman med Utanriksdepartementet ein halvdagskonferanse i samband med markering av ASEM-dagen. Arrangementet skal sjå på nokre av spørsmåla over. I panelet sit:

Yun Sun er Senior Associate på Øst-Asiaprogrammet til Stimson Center i Washington. Ekspertisen hennar er på kinesisk utanrikspolitikk, USA-Kina-relasjonar og det kinesiske forholdet til nabolanda, og autoritære regime.

Theresa Fallon er analytikar, skribent og kommentator på global energi og geopolitikk. Ho etablerte i 2016 CREAS – Centre for Russia, Europe, Asia Studies. Forskingsfokuset hennar er på forholdet mellom Europa og Asia, forholdet mellom Kina og Russland, maritim tryggleik og global styring.

Arne Melchior er seniorforskar på NUPI og forskar på internasjonal handel og global utvikling, handelspolitikk og internasjonale økonomiske institusjonar, internasjonal forskjell, geografisk økonomi og regional utvikling. Han har særleg arbeidd med Asia, India og Kina.

Hans Jørgen Gåsemyr er tilknytta NUPI som seniorforskar. Hans forsking og undervisning er spesialisert på kinesisk politikk, inkludert stat-samfunn relasjonar, sosiale og økonomiske reformer og kinesiske aktørar og interesser i internasjonal politikk

Det vil bli ei opning av arrangementet ved NUPI-direktør Ulf Sverdrup, statssekretær Marianne Hagen og stortingsrepresentant Elin Rodum Agdestein.

Vi serverer frukost frå klokka 08.30, programmet startar klokka 09.00 og varer til ca. 12.00.

PROGRAM:

08.30

Servering av frukost

09.00

Opning av arrangementet ved NUPI-direktør Ulf Sverdrup, statssekretær i UD Marianne Hagen og leiar for Stortingets delegasjon til det parlamentariske partnarskapet Asia-Europa (ASEP), stortingsrepresentant Elin Rodum Agdestein.

09.30

CONNCETIVITY – WHERE WE ARE NOW?

 

Theresa Fallon – Connectivity in the ASEM region

 

Yun Sun – China and the Belt and Road Initiative

 

Arne Melchior – Model for international trade

10.30

Kaffipause

10.45

Diskusjon med Q&A: CONNECTIVITY – WHERE WE ARE HEADING?

 

Theresa Fallon og Yun Sun i samtale med Hans Jørgen Gåsemyr

12.00

SLUTT

Arrangementet blir live strøymt på NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
Marianne Hagen
statssekretær, Utenriksdepartementet
Elin Rodum Agdestein
stortingsrepresentant og leder for Stortingets delegasjon til det parlamentariske partnerskapet Asia-Europa (ASEP)
Theresa Fallon
Centre for Russia, Europe, Asia Studies - CREAS
Yun Sun
Senior Associate, Stimson Center
Arne Melchior
Seniorforsker
Hans Jørgen Gåsemyr
Seniorforsker
04 mars 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Handel
  • Europa
  • Asia
  • Engelsk