Arrangement
Nasjonal krisehandtering: Kva kan vi lære av Finland?
For å takle nye former for sårbarheit, risiko og truslar i samfunnet, trengst ei rask nasjonal krisehandtering. Det er viktig å kunne samordne nødvendig kompetanse. Kommando- og kontrollansvar må vere tydeleg, men ein må samtidig vere i stand til å handtere tverrfaglege utfordringar som hybridtruslar og cyberanngrep. Det må vere avklarte roller og ansvar i ein krisesituasjon, men samtidig vil eit tverrfagleg samarbeid gjerne vere ein føresetnad for å lykkast. Finland og Noreg har hatt ei ulik tilnærming til desse utfordringane. Kva kan vi lære av dei finske erfaringane?
Program 10:00–12:00:
Modellen for finsk krisehandtering:
Oberst Risto Kolstela, generalsekretær i tryggingskomiteens sekretariatet, Finland
Modellen for norsk krisehandtering:
Per Olaf Torkildsen, Avdelingsdirektør, Justis- og beredskapsdepartementet
Ordstyrar: Karsten Friis
Seminarserien er organisert i samarbeid med Utanriksdepartementet og NATO Public Diplomacy Division.
Du kan følgje seminaret direkte på YouTube:
Hovedtalere
Ordstyrer
Relaterte prosjekter
Cybersecurity Capacity Building (CCB)
Prosjektet skal se på risikoen knyttet til og utfordringene ved cybersikkerhet i utviklingsland....