Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Humanitære endringar, humanitære utfordringar og vern av sivile

Seminaret tar opp ein mogleg konflikt mellom humanitære prinsipp og lokale realitetar.
26 april 2016
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Litteraturhuset, Amalie Skram
Seminar

Temaer

  • Økonomisk vekst
  • Utviklingspolitikk
  • Humanitære spørsmål
  • Menneskerettigheter
  • Engelsk

Vern av sivile og humanitær verksemd blir i aukande grad utfordra - trass i utbreidde forsøk på å betre situasjonen, både normativt og i handling. Kvifor skjer dette? Med auke i talet på sivile tap i konfliktar blei vern av sivile igjen eit tema for det internasjonale samfunnet på slutten av 1990-talet. I tida etter har det humanitære samfunnet derfor fått til store framsteg på det normative området, men mindre på bakken i praktisk arbeid.

Det er ikkje alltid samanheng mellom humanitære prinsipp og humanitær praksis. Dei apolitiske prinsippa som ligg til grunn for humanitær verksemd, skal sikre tilgang og legitimitet. Men dei kan også forhindre handling og føre til at den humanitære verksemda blir meir styrt av  prinsipp enn av lokale forhold – politiske inkludert. Kva skjer når prinsipp og praksis kolliderer? Og er det ei motsetning mellom humanitære prinsipp og humanitær praksis?

Humanitære handlingar og forsøk på å verne sivilbefolkninga kan aldri bli heilt i tråd med dei rettleiande prinsippa. Humanitære handlingar må "omsetjast" og tilpassast realitetane. Derfor kan dei avvike frå dei opphavlege intensjonane når prinsippa skal setjast ut i livet. Kva mekanismar og kva maktforhold er involverte i denne kjeda av omsetjingar? Og bør slik tilpassing av dei humanitære prinsippa sjåast på som ein styrke eller ei svakheit? På den eine sida kan tilpassinga til lokale forhold sjåast som større sensibilitet for lokale forhold. På den andre sida kan ho også svekkje og undergrave dei rettleiande prinsippa.

Dette er tema, problemstillingar og spørsmål som seminaret vil ta opp - altså forhold som står sentralt i humanitær verksemd.

Seminaret er ein del av prosjektet: “Protection of Civilians. From Principle to Practice”, som er finansiert av Noregs forskingsråd og  organisert under the Norwegian Centre for Humanitarian Studies.

Program
1200: Ole Jacob Sending, NUPI: Velkommen. Om seminaret og prosjektet.
1215: Inger-Ann Ulstein, Noregs forskingsråd
1230: Keynote: Professor Alex de Waal: “Humanitarisme og den politiske marknadsplassen”.
1330: Dr. Olivia Rutazibwa: “Etisk tilbaketrekking og humanitære kriser”.
1400: Kristin B. Sandvik, PRIO: "Presentasjon av hovudfunn frå prosjektet".
1430: Paneldebatt og spørsmål.
1515: Slutt.
Ordstyrar: Benjamin de Carvalho, NUPI.

Om innleiarane:

Alex de Waal er direktør for World Peace Foundation og forskingsprofessor ved Fletcher School, Tufts University. Han blir rekna som ein av dei fremste ekspertane på Sudan og Afrikas Horn. Spesialområde er: humanitære kriser, menneskerettar, HIV/AIDS og styresett i Afrika, og konflikt- og fredsbygging. Han har jobba i fleire Afrika-fokuserte menneskerettsorganisasjonar, med fokus på Afrikas Horn, og særleg korleis få ei fredeleg løysing på den andre sudanske borgarkrigen. Han har også forska på samanhengen mellom HIV/AIDS, fattigdom og styresett, og var med på å setje i gang  the Commission on HIV/AIDS and Governance in Africa. Dei Waal har nyleg gitt ut boka “The Real Politics of the Horn of Africa. Money, War and the Business of Power” (Polity Press, 2015).
Meir informasjon

Dr. Olivia Rutazibwa foreles i internajonal utvikling og europeiske studium ved Universitetet i Portsmouth. Forskinga hennar handlar om kva påverknad vestleg etisk utanrikspolitikk har i det globale sør. Forståing av etikken i utanrikspolitikk, med spesielt fokus på forholda hos mottakar, utvikling av demokratisk styresett og humanitære forhold. Ho fokuserer spesielt på EUs politikk i Afrika sør for Sahara. Rutazibwa tok doktorgrad ved European University Institute i Firenze, har jobba for Europakommisjonen og vore gjesteforskar ved EU Institute for Security Studies, og dessutan gjennomført feltarbeid i Etiopia, Kenya og Somalia.
Meir informasjon

Kristin Bergtóra Sandvik er seniorforskar ved PRIO og direktør ved Norwegian Centre for Humanitarian Studies. Doktorgrad har ho frå Harvard Law School, Juridical Science. Forskinga hennar fokuserer på grensesnittet mellom folkerett, humanitærisme, teknologi og vald.
Meir information

Ole Jacob Sending er forskingssjef ved NUPI. Han forskar på global styring,med særleg fokus på internajonale og ikkje-statlege organisasjonars rolle i fredsbygging, humanitær bistand og utvikling.

Benjamin de Carvalho er seniorforskar ved NUPI. Hans forskingsinteresse ligg i skjeringspunktet mellom tre hovudområde: historisk endring, suverenitet og betydninga av religion og konfessionalisering.

Relevante publikasjonar

Relevant prosjekt

Hovedtalere

Alex de Waal
Executive Director, World Peace Foundation/Resaerch Professor, Fletcher School at Tufts University
Kristin Bergtora Sandvik
Seniorforsker, PRIO, Direktør, Norwegian Centre for Humanitarian Studies
Olivia Rutazibwa
Lektor, Internasjonal utvikling og europeiske studier, Universitetet i Portsmouth
Ole Jacob Sending
Forsker 1, leder for Senter for Geopolitikk
Jon Harald Sande Lie
Forsker 1
26 april 2016
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Litteraturhuset, Amalie Skram
Seminar

Temaer

  • Økonomisk vekst
  • Utviklingspolitikk
  • Humanitære spørsmål
  • Menneskerettigheter
  • Engelsk