Hopp til innhold

Klimaavtalen i Paris: Kva no for klimaet?

FNs  i Paris i desember 2015 vedtok ein ny internasjonal klimaavtale som omfattar alle land. Avtalen blir hylla som eit historisk gjennombrot i klimaarbeidet, men den blir også kritisert for å vere for svak og å svikte dei som blir ramma hardast av klimaendringane.

Personer

Bård Lahn
Seniorrådgiver i Regnskogsfondet og tidligere gjesteforsker ved NUPI.
  • Kva godt kom det ut av klimatoppmøtet i Paris?
  • Kan Paris-avtalen løyse klimaproblemet?
  • Kva var hovudstridspunkta på klimatoppmøtet?
  • Kva får avtalen å seie for klimapolitikken internasjonalt – og i Norge?

Det er godt dokumentert at temperaturen på jorda er i ferd med å stige, og det er svært sannsynleg at  Drivhuseffekt  i hovudsak skuldast menneskeskapte utslepp. Dersom temperaturstigninga skal stoppast, må utsleppa av karbon i form av  Klimagassar  som CO2 og metan kuttast kraftig. På sikt må vi truleg heilt slutte å bruke fossil energi – olje, kol og gass – slik at utsleppa av karbon til atmosfæren blir tilnærma null.

Sidan slutten av 1980-talet har medlemslanda i FN forhandla om korleis dei skal gjennomføre denne enorme oppgåva, og korleis dei skal dele ansvaret og kostnadene mellom seg. I 1992 vedtok dei FNs klimakonvensjon, ein overordna avtale som seier at landa skal samarbeide for å unngå «farleg menneskeleg påverknad på klimasystemet». Nær alle land har slutta seg til FNs klimakonvensjon, og dei møtest til eit toppmøte kvart år (sjå teikning) for å forhandle om korleis dei skal nå det overordna målet i konvensjonen. Paris-toppmøtet i 2015 var det 21. i rekka av slike toppmøte.

Kven har ansvaret for klimaproblemet?

Heilt sidan FNs klimakonvensjon blei vedteken har forhandlingane vore prega av ein konflikt mellom dei rike, industrialiserte landa i Nord og dei fattigare utviklingslanda i Sør om korleis ansvaret for klimaproblemet skal fordelast. Utviklingslanda har peika på at mesteparten av karbonet som er slept ut i atmosfæren så langt, har komme frå dei rike landa, der berre eit lite mindretal av befolkninga i verda bor (mindre enn 20 prosent). Derfor meiner utviklingslanda at dei rike landa også må ta mesteparten av ansvaret for å redusere utsleppa. På den andre sida har dei rike landa peika på at utsleppa no veks raskt i mange utviklingsland, særleg i store mellominntektsland som Kina og Brasil. Derfor har dei rike landa kravd at også store utviklingsland må love å redusere sine utslepp.

På klimatoppmøtet i den japanske byen Kyoto i 1997 vedtok landa i FNs klimakonvensjon den såkalla Kyoto-avtalen. Der blei alle rike land pålagde å redusere sine klimagassutslepp i perioden frå 2008 til 2012. Men desse utsleppsreduksjonane var langt frå tilstrekkelege, og Kyoto-avtalen blei ytterlegare svekt av at USA seinare trekte seg frå den (presidenten hadde signert, men Kongressen ville ikkje ratifisere (godkjenne) avtalen). Dei siste ti åra har landa i FNs klimakonvensjon derfor forhandla vidare om ein avtale som kan gi større utsleppskutt og omfatte fleire land enn Kyoto-avtalen gjorde.

Det var meininga at København-toppmøtet i 2009 skulle vedta ein ny avtale, men det skjedde ikkje – mykje på grunn av sterk usemje mellom den rike og den fattige delen av verda om korleis ansvaret for å redusere klimagassutsleppa skulle fordelast. Fiaskoen i København gjorde at mange tok til å tvile på om det i det heile ville vere mulig å bli einige om ein klimaavtale mellom alle FN-landa.

Forventningar til Paris-toppmøtet

På klimatoppmøtet i Durban, Sør-Afrika, i 2011 vedtok landa å starte ein ny runde med forhandlingar, med mål om å komme fram til ein avtale som skal omfatte alle land, og som skal gjelde frå 2020 og framover. Etter fiaskoen i København var presset stort for at Paris-toppmøtet skulle levere. Fram mot toppmøtet i 2015 blei det derfor arbeidd hardt for å senke forventningane til kva slags avtale ein kunne håpe på å oppnå.

I staden for å forhandle om kor mykje kvart land skal kutte utsleppa sine, blei det avgjort at alle land skulle setje sine eigne klimamål og sende dei inn i forkant av møtet. På den måten kunne avtalen bygge på mål som landa sjølve hadde sett seg, framfor å freiste å forhandle fram ei fordeling av utsleppskutta som alle kunne vere samde om, slik ein prøvde i København.

Dette gjorde at det var langt større håp om å oppnå ein avtale i Paris i 2015 enn det var i  Klimaforhandlingar i stampe  i 2009. Samstundes var forventningane svært låge når det gjaldt kor sterk og konkret avtalen kom til å bli. Spenninga knytte seg mellom anna til kor klare reglar avtalen kom til å innehalde for rapportering og kontroll av om landa verkeleg oppfyller klimamåla sine. Dessutan var det uvisst kor konkrete løfte dei rike landa ville gi fattigare land om å hjelpe dei med pengar og teknologi for å gjennomføre klimatiltaka.

Klimatoppmøtet i Paris kviler på "skuldrane" til mange tidlegare møte.

Teikning: Politicalcartoons.com

Eit kraftfullt signal

Da Paris-avtalen blei vedteken, blei det av mange kalla eit historisk augneblikk i klimaarbeidet. Dei låge forventningane til kva slags avtale landa ville klare å bli samde om, gjorde at mange blei positivt overraska over at avtalen trass alt var relativt detaljert på fleire område:

1.    For det første gjentek Paris-avtalen målet om å unngå at temperaturen stig meir enn 2 gradar, som først vart vedteken i 2010. Men avtalen går eit hakk lenger. Den seier at ein skal gjere så godt ein kan for å unngå at temperaturen stig meir enn 1,5 gradar. Sjølv om den ikkje er formulert som eit like tydeleg mål som målet om 2 gradar, blir referansen til 1,5 gradar rekna som ein siger for dei minste og fattigaste utviklingslanda. Dei har alltid meint at ei temperaturstigning på 2 gradar vil gje meir alvorlege klimaendringar enn dei kan handtere.

Avtalen konkretiserer dessutan kva som skal til for å nå temperaturmåla om maksimalt 2 eller 1,5 gradar. I avtaleteksten heiter det at ein i andre halvdel av hundreåret skal oppnå «balanse mellom menneskeskapte utslepp og opptak av klimagassar». Det inneber at utsleppa av klimagassar på sikt må reduserast nesten til null.  Dessutan kan ikkje dei utsleppa som er att, vere større enn det ein klarer å fjerne av karbon frå atmosfæren gjennom tiltak som til dømes skogplanting.

2.    Vidare har Paris-avtalen meir konkrete reglar for korleis ein skal gå fram enn mange hadde våga å håpe på førehand for å sikre at landa gjennomfører klimamåla sine og set seg meir ambisiøse mål over tid. Kvart femte år skal alle land – både industriland  og utviklingsland – sende inn nye mål for kor mykje dei vil redusere klimagassutsleppa sine, og FN skal gjennomføre jamlege vurderingar av om måla samla sett er gode nok. Det skal også utarbeidast nærare reglar for korleis landa skal rapportere om arbeidet med å nå måla, men mykje av arbeidet med å utarbeide detaljerte reglar på dette og andre område blei utsett til etter Paris-toppmøtet.

Samla sett gjer dei tydelege overordna måla i Paris-avtalen god grunn til å sjå vedtaket som eit historisk steg framover i klimaarbeidet. På denne måten er avtalen eit sterkt signal til politikarar, næringsliv og folk flest over heile verda om at klimaarbeidet er på veg i rett retning. Prosessen med å kutte klimagassutsleppa er i full gang, og det er ikkje lenger mulig å tvile på at vi på sikt må slutte å bruke kol, olje og gass til å produsere energi. Dette er den klart mest positive effekten av Paris-avtalen.

Svake mål for utsleppskutt

Samtidig har avtalen også fått kritikk for å vere uklar og for ikkje å gå langt nok på mange område. Fleire leiande klimaforskarar har peika på at utsleppsmåla som dei enkelte landa har sett seg, ikkje er gode nok til at vi vil klare å halde temperaturstigninga under 2 grader – og slett ikkje under 1,5 gradar. Ei gruppe europeiske forskarar har rekna ut at sjølv om alle land gjennomfører alle måla dei har sett seg, vil temperturen framleis stige med nesten 3 gradar – kanskje enda meir.

Det er altså eit stort sprik mellom dei ambisiøse, overordna måla i avtalen, og dei konkrete tiltaka som dei enkelte landa er villige til å forplikte seg til. Det er heller ingenting i Paris-avtalen som sikrar at landa gjennomfører dei måla dei har sett seg, eller som straffar land som ikkje når måla sine.

Også når det gjeld finansiering av klimatiltak i fattigare land er Paris-avtalen uklar. Avtalen seier at dei rike landa framleis bør gå føre i klimaarbeidet, og gjentek eit tidlegare løfte om at rike land til saman skal prøve å skaffe minst 100 milliardar dollar i året til klimatiltak i utviklingsland. Men ettersom avtalen ikkje seier noko om kven som har ansvaret for å skaffe til vegar alle desse milliardane, eller korleis dei skal kanaliserast til dei fattigare landa, er det svært usikkert kva dette målet vil få å seie i praksis. Dermed er det også uvisst om avtalen vil bidra til ei meir rettferdig fordeling av klimainnsatsen. Vil fattige land få den hjelpa dei treng av dei rike landa som har slept ut størsteparten av dei menneskeskapte klimagassane som finst i atmosfæren i dag, og som derfor ber det historiske ansvaret for klimaproblemet?

Våtare, varmare og villare ver. Her frå tørke i Australia og flom i USA.

Foto: creative commons

Grunnmur for sterkare innsats

Paris-avtalen inneheld altså relativt ambisiøse overordna mål, og på den måten gir den eit viktig signal om at klimaarbeidet no er på rett spor. Likevel  er det ikkje slik at avtalen i seg sjølv sikrar at jobben blir gjort – at alle land faktisk gjennomfører store nok utsleppskutt eller at rike land bidrar med dei pengane dei burde til fattigare land. I praksis vil Paris-avtalen kanskje mest av alt bety to ting:

Avtalen er ein grunnmur å bygge vidare på, slik at vi over tid kan trappe opp innsatsen til det nivået som trengst for å halde temperaturstigninga under 2 (eller helst 1,5) gradar. At avtalen ber alle land om å setje seg nye klimamål kvart femte år, og at kvart nye mål skal vere meir ambisiøst enn førre gong, vil bli svært viktig for klimapolitikken framover. Det tvinger styresmaktene i alle land til å diskutere klimamåla sine jamleg, og gir gode høve til å påverke politikken i meir ambisiøs retning over tid.

 Paris-avtalen gjer det klart ein gong for alle at det er summen av innsatsen til kvart enkelt land som vil avgjere om vi klarer å unngå farlege klimaendringar. Etter Paris-toppmøtet veit vi at det aldri vil komme ein internasjonal avtale som løyser klimaproblemet ein gong for alle ved å tvinge kvart enkelt land til å kutte utsleppa sine. Det er no opp til kvart enkelt land å setje sine eigne klimamål kvart femte år. Da er det berre styresmaktene i dei enkelte landa som kan sørge for at måla blir gode nok – dei har ingen andre å skulde på eller gøyme seg bak. Ansvaret er dermed tydeleg plassert hos nasjonale politiske leiarar.

Kva med Norge?

Ettersom Paris-avtalen i større grad enn tidlegare avtalar legg ansvaret på kvart enkelt land, er det god grunn til å spørje kva avtalen kan få å seie for oss i Norge. I Paris lova regjeringa at Norge skal redusere klimagassutsleppa med 40 prosent innan 2030. Regjeringa ønsker å gjere dette i samarbeid med EU, slik at Norge kan gjennomføre nokre av utsleppskutta i andre europeiske land i staden for her heime.

I eit brev til FN argumenterer regjeringa med at det norske målet er godt nok som eit bidrag til å halde temperaturstigninga under 2 gradar. Klimaforskarar har likevel peika på at dersom alle andre land skulle legge seg på same innsatsnivå som Norge, vil det ikkje vere nok til å nå målet om 2 gradar. Over tid bør derfor Norge setje seg større mål dersom vi ønsker å ta vår del av innsatsen for å unngå farlege klimaendringar.

Utruleg byvokster i Beijing på 10 år. Kva betyr det for klimaet?

Satellittfoto: www.nasa.gov

Eit anna spørsmål som norske politikarar har diskutert etter Paris-toppmøtet, er kva den nye klimaavtalen bør få å seie for oljeverksemda vår. Olje- og gassproduksjon er den største kjelda til klimagassutslepp i Norge, og desse utsleppa har vekst kraftig dei siste tiåra. Størsteparten av utsleppa kjem likevel ikkje frå produksjonen i Norge, men når olja eller gassen blir brukt i landa vi eksporterer til. Desse utsleppa er ikkje med i rekneskapen over norske klimagassutslepp.

Tal frå FNs klimapanel viser at det allereie er funne meir olje og gass i verda enn vi kan bruke dersom vi skal klare å halde oss under 2 gradar. Det inneber at nokre land må la olje og gass bli liggande i bakken viss dei overordna måla i Paris-avtalen skal haldast. For Norge reiser dette fleire vanskelege spørsmål:

  • Skal vi la delar av våre olje- og gassressursar bli liggande og gå glipp av dei inntektene dei kunne ha gitt oss?
  • Skal vi heller overlate slike inntekter  til andre – og fattigare - land?
  • Skal vi setje i gong leiteboring i nye havområde for å finne enda meir, når verda allereie har funne meir enn vi kan bruke?

Ettersom Paris-avtalen ikkje dikterer klimainnsatsen til kvart enkelt land, gir den heller ingen fasitsvar på slike spørsmål. Dermed blir det opp til norske politiske leiarar – og veljarane som røyster på dei – å avgjere kva vi meiner er rett for Norge å gjere. Det einaste vi veit sikkert, er at Paris-avtalen vil tvinge fram slike spørsmål i den politiske debatten stadig oftare framover, ettersom avtalen krev nye og stadig meir ambisiøse mål frå alle land kvart femte år.

--------------

Mer om klimatoppmøtet og internasjonale klimaforhandlinger: Se NUPIs tidsskrift Internasjonal Politikk 4/2015 - det er blitt et Open Access-tidsskrift

Arbeidsoppgaver