Hopp til innhold

Ulike sider ved klimaproblema.

Klimaforhandlingar i stampe

Verdas statsleiarar er einige med klimaforskarane i at vi må redusere utsleppa av klimagassar kraftig dei neste tiåra for å unngå alvorlege konsekvensar av klimaendringar. Men dei er ueinige om korleis ein skal gjøre det. Dei internasjonale klimaforhandlingane har pågått i ei årrekke utan at leiarane er blitt einige om ein effektiv internasjonal avtale som kan etterfølgje Kyotoprotokollen.

Personer

Petter Haugneland
er redaktør og informasjonsrådgivar ved Senter for klimaforsking (Cicero).
  • Kva er historia bak klimaforhandlingane?
  • Kva er det landa forhandlar om?
  • Korfor kom det aldri til noen klimaavtale i København?
  • Kva alternativ finst for vegen vidare?

Fram mot det 15. partsmøtet til Klimakonvensjonen (Conference Of the Parties – COP15) i København i desember 2009 blei det arbeidd intenst med å få på plass ein arvtakar til Kyotoprotokollen, som går ut i 2012. København-møtet var sett som ein siste frist for ein ny internasjonal klimaavtale som skulle vere meir ambisiøs enn forgjengaren. Ein ny avtale kom ikkje på plass, og forhandlingane held fram mot neste partsmøte (COP16) som blir halde i Mexico i desember 2010.

Store håp til København

Klimaforhandlingane i København viste kor stor kløfta mellom rike og fattige land er og kor djupt mistilliten mellom partane stikk. Mange hadde store håp til ein ny forpliktande klimaavtale i forkant av møtet, og slagord som «Hopenhagen» og «Seal the deal» blei ofte brukte. Møtet fekk også rekordstor merksemd i media, og over 30 000 delegatar, pressefolk, forskarar og aktivistar frå 190 land var til stades under forhandlingane.

På tidlegare partsmøte har forhandlingsdelegasjonane hovudsakeleg vore byråkratar og eventuelt miljøvernministrar i siste del av møta. Men til København kom også ei rekke statsleiarar, mellom dei USAs president Barack Obama. Vonbrotet var desto større da forhandlingane måtte avsluttast utan at målet om ein ny bindande internasjonal klimaavtale var nådd.

Det var intense forhandlingar under heile det to veker lange møtet. Forhandlingar i FN følgjer ei rekke formelle reglar som gjør at samtalane går langsamt. Dette gjeld særleg krava om at vedtak skal vere einstemmige og at alle har rett til å ta ordet. Den danske møteleiaren Connie Hedegaard prøvde å få til uformelle forhandlingar mellom dei viktigaste landa, men dette blei ikkje godt mottatt av land som følte seg sett på gangen. Desse insisterte på at alle landa måtte vere med på alle forhandlingsmøta. Uformelle samtalar blei kalla udemokratiske, særleg av dei fattige landa.

Kven skal betale - dei rike eller dei fattige?

Teikning: politicalcartoons.com

København-avtalen

Det viktigaste utfallet av møtet blei København-avtalen. Denne avtalen – som meir er ei uforpliktande erklæring – har som mål å redusere utsleppa slik at den globale gjennomsnittstemperaturen ikkje aukar meir enn 2 grader. Dette er eit mål som både EU og Norge hadde frå før, og det nye var at store utsleppsland som USA, Kina og India også slutta seg til dette såkalla 2-gradersmålet. Avtalen er imidlertid ikkje juridisk bindande og seier lite om korleis målet skal oppnås. Enkelte forskarar meiner at vi allereie har sleppt ut så mye CO2 at oppvarminga uansett vil overstige 2 grader.

Sjølv om forhandlingane om ein ny klimaavtale sto i stampe, blei det gjort ei rekke framskritt om tekniske forhold – som for eksempel korleis bevaring av regnskog skal reknast om til utsleppsreduksjonar. Dei rike landa ga også lovnader om å hjelpe til med finansiering av tilpassing til klimaendringar for dei fattigaste landa.

Globale CO2-utslepp 1959-2008

Etter København

Det neste partsmøtet til Klimakonvensjonen (COP16) vil gå føre seg i Cancun i Mexico. Her vil partane halde fram forsøket på å få til ein ny internasjonal klimaavtale som skal overta for Kyotoprotokollen. Fram mot Mexico vil det vere fleire møte mellom partane. Nyleg blei det forhandla i den tyske byen Bonn, der sekretariatet til Klimakonvensjonen sit. Her blei forhandlarane bare einige om at dei skal ha enda to forhandlingsmøte før COP16 i desember.

Sjølv ikkje med dei ekstra møta trur leiaren for sekretariatet, Yvo de Boer, at møtet i Mexico vil ende opp med ein ny bindande avtale som er meir ambisiøs og som omfattar plikter for fleire land enn Kyotoprotokollen.

Kven står for dei største utsleppa?

Djup kløft mellom rike og fattige land

Hovudårsaka til at det er så vanskeleg å få i stand ein internasjonal avtale som hindrar farlege menneskeskapte klimaendringar, kan synest å vere den djupe kløfta mellom rike og fattige land. Dei fattige landa meiner at dei rike landa har stått for mesteparten av klimagassutsleppa så langt. Dei rike har derfor hovudansvaret for å redusere utsleppa av CO2 , blir det sagt. Dei fattige landa ønsker å fortsette den økonomiske veksten sin for å komme opp på industrilandas velstandsnivå. For å få til dette må dei bruke meir energi, og det vil igjen auke klimagassutsleppa dersom dei ikkje nyttar fornybar energi eller kjernekraft.

Dei rike landa er einige i at dei sjølve må gå foran og redusere sine utslepp. Men samtidig argumenterer dei for at utsleppa frå dei landa med sterkt veksande økonomi – som for eksempel Kina og India – vil auke dei globale utsleppa ytterlegare om ikkje også desse pliktar seg til å dempe utsleppsveksten sin framover. Kina har no gått forbi USA som verdas største utsleppsland. Men dersom vi måler utslepp per innbyggar, ligg amerikanarane framleis langt framom kinesarane.

Ein annan faktor som gjør det vanskeleg å komme fram til ein effektiv internasjonal avtale, er at klimaproblemet er så komplekst. Det fører til at klimatiltak vil ha store verknader for alle delar av landas økonomi. Dette gjør problemet vanskelegare å løyse gjennom ein internasjonal avtale enn andre miljøproblem. Eit eksempel på ei miljøutfordring som verda har klart å løyse i fellesskap, er uttynning av ozonlaget. Montrealprotokollen (-avtalen) sette rammer for å erstatte dei såkalla KFK-gassane med andre gassar i ei løysing som var gunstig for alle involverte interessegrupper. Ei slik løysing er mye vanskelegare å få til i ein internasjonal klimaavtale.

Løysinga på klimaproblemet er ikkje ei løysing med stor L, men ein kombinasjon av ei rekke store og små tiltak som vil føre til omfordeling av ressursar mellom ulike land, verksemder og enkeltpersonar.

Allmenningens tragedie

Problemet med global oppvarming er – som namnet tilseier – globalt. Utslepp av klimagassar som CO2 og metan kjenner ingen landegrenser og spreier seg jamt over heile verda. Dette gjør at alle land vil tene på at andre reduserer utsleppa sine av klimagassar, med dei kostnadene det medfører for dei, mens dei sjølve ikkje gjør noe. Kan hende tener dei til og med der dei andre må betale.

Dette problemet blir av forskarar kalla allmenningens tragedie, og det kan føre til at ingen ser fordelen ved å ta første skritt for å løyse eit felles problem. Eit illustrerande eksempel på allmenningens tragedie er fenomenet overfiske, som tømmer havet for fisk. Fiskarar ønsker å fiske sjølv om dei veit at fisken vil forsvinne dersom alle held fram å fiske like mye som før. Det einaste som kan hjelpe, er ein avtale mellom alle fiskarane om ein fast fiskekvote, der alle tener på å unngå overfiske.

Klimaoppvarming - av og til av det gode?

Alternativ til FN

Å få alle verdas land til å bli einige om ein felles ambisiøs klimaavtale gjennom FN har synt seg særs vanskeleg. Eit alternativ er at eit fåtal av dei viktigaste landa blir einige om mindre omfattande avtalar som ikkje involverer alle landa i verda.

100 av dei minste landa står for bare 3 prosent av dei globale utsleppa. Kina og USA står aleine for rundt 40 prosent. Samanslutninga G20 representerer to tredelar av befolkninga i verda, som no har nådd ca. 6,8 mrd, og omfattar både industri- og utviklingsland. Dei 19 landa i G20 samt EU (med 27 medlemsland) står for meir enn 80 prosent av dei globale klimagassutsleppa.

I København gjorde partane forsøk på å få i stand forhandlingar mellom dei største utsleppslanda uten å inkludere alle medlemslanda i Klimakonvensjonen. Sjølv om mange land protesterte mot det dei kalla udemokratiske forhandlingar, kan dette alternativet synest å vere nødvendig for å få til faktiske utsleppskutt store nok til å hindre alvorlege klimaendringar.

Historia bak klimaforhandlingane

Dei internasjonale klimaforhandlingane tok til med opprettinga av FNs klimakonvensjon (United Nations Framework Convention on Climate Change – UNFCCC) i 1992 på eit møte i Rio, Brasil. Dette kom som ei oppfølging til rapporten «Vår felles framtid» frå den såkalla Brundtland-kommisjonen, leia av Norges tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland.

Utslepp av gassar som CO2 og metan til atmosfæren aukar den naturlege drivhuseffekten. Forbrenning av ikkje-fornybare energikjelder som kol, olje og gass er ei viktig kjelde til slike utslepp, og jordas gjennomsnittstemperatur har derfor auka sidan den industrielle revolusjonen tok til (med 0,74 grader C ifølgje FNs klimapanel). I Klimakonvensjonen blir det slått fast at utsleppa av klimagassar må ned for å hindre alvorlege konsekvensar av klimaendringar. I tillegg har dei rike landa fått ansvaret for å ta dei største utsleppskutta sidan desse landa har stått for mesteparten av klimagassutsleppa så langt.

CO2 og andre klimagassar

Kyotoprotokollen (Kyotoavtalen)

Etter møtet i Rio har det vore partsmøte til Klimakonvensjonen kvart år. I 1997 blei partsmøtet halde i Kyoto i Japan, og der blei den kjende Kyotoprotokollen vedtatt. Kyotoprotokollen gjeld fram til 2012 og slår fast at dei rike landa i gjennomsnitt skal kutte utslepp av klimagassar med fem prosent av det dei var i 1990.

Dei fleste var, da avtalen blei forhandla fram, einige om at dette ikkje var nok til å nå målet om å hindre alvorlege klimaendringar. Men Kyotoprotokollen var meint å vere ein forsiktig start. Planen var at oppfølgjaren skulle vere ein breiare avtale som kravde at også utviklingsland kutta utsleppa sine. I tillegg skulle alle landa kutte utsleppa enda meir i den neste avtalen.

Etter møtet i Kyoto forhandla partane i til saman fire år (1997–2001) om eit detaljert regelverk om

  • korleis avtalen skal gjennomførast i praksis
  • korleis utsleppa skal målast
  • korleis land skal straffast om dei ikke overheld avtalen
  • vi kan overføre utsleppskutt frå eitt år til eit anna
  • kor mye av utsleppa som må kuttast innanfor det enkelte landet
  • kor mange klimakvotar ein kan kjøpe av andre land gjennom dei såkalla fleksible mekanismane (sjå faktaboks om Kyoto-mekanismane).

Sjølv om USAs tidlegare visepresident Al Gore signerte Kyotoavtalen i 1997, blei den ikkje godkjent av den amerikanske Kongressen. Då George W. Bush overtok som president i 2001, trekte han USA ut av avtalen. Dette svekka Kyotoprotokollen når det gjeld verkeleg å redusere dei globale klimagassutsleppa.

Temaer

  • Økonomisk vekst
  • Diplomati
  • Klima
  • FN

Personer

Petter Haugneland
er redaktør og informasjonsrådgivar ved Senter for klimaforsking (Cicero).

Fakta

Kva kan eg gjøre med klimagassane?

Klimagassar som blir sleppte ut ved forbrenning av fossile energikjelder, for eksempel i eit kolkraftverk, påverkar det globale klimaet. Likevel kan vi som enkeltpersonar også vere med og bremse dei totale utsleppa av klimagassar.

  • Bytt til ein miljøtilpassa bil som bruker lite drivstoff, biodiesel eller etanol etter kvart som høvet til å velje slike bilar aukar.
  • Bytt ut oljefyren og panelomnane med klimanøytral oppvarming som pelletskamin, vedomn, varmepumpe og jordvarme.
  • Reduser innetemperaturen med éin til to grader. Lågare innetemperatur krev mindre energi. Finn ut korleis di oppvarmingskjelde kan brukast så effektivt som mulig.
  • Reduser varmetapet frå bustaden din ved hjelp av isolasjon, tetningslister og tilpassa ventilasjon.
  • Skal de bygge ny bustad, tenk på at store vindusflater aukar varmetapet. Vel oppvarmingskjelde som tar omsyn til klimaet, for eksempel jordvarme eller varmepumpe.
  • Reis kollektivt eller reis fleire saman i bilen. Vegtrafikken står for om lag ein femdel av Norges CO2-utslepp. Jo fleire bilar – dess høgare utslepp.
  • Vel tog i staden for fly når det er mulig. Flytrafikken veks enormt og flydrivstoff er utelukkande basert på fossilt brensle.
  • Vel energieffektive elektriske apparat. Kjøp miljømerka produkt og sjå på energimerkinga på kvitevarer.
  • Bruk mindre strøm; slå av lyset når du ikkje treng det og skift til sparepærer.
  • Gjenvinn og bruk gamle ressursar på nytt. All råvareutvinning og produksjon krev energi og fører til utslepp.
  • Engasjer deg politisk og bidra til at politikarane får aksept for nødvendige klimatiltak, som høgare straum- og bensinprisar.

Kjelde: www.cicero.uio.no