Hopp til innhold
NUPI skole

Valet i Europaparlamentet

Ein ny podkastepisode av The World Stage utforskar valet i Europaparlamentet og tilstanden til det europeiske demokratiet.
Bilde med logo.jpg

Personer

Pernille Rieker
Forsker I
Christophe Hillion
Tidligere ansatt (bistilling)
Guri Rosén
Førsteamanuensis, Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo

Denne månaden deltok 27 land i det største fleirnasjonale valet i verda. Resultatet viser eit politisk skifte mot sentrum-høgre og nasjonalistiske parti, noko som speglar endringane frå det politiske landskapet i Europa. Kva vil utfallet av denne høgrebølgja vere, og kva betyr dette for tilstanden til demokratiet i EU?

Valet var eit spesielt stort nederlag for den franske presidenten Macrons parti, La République En Marche. Som eit resultat av dette vedtok Macron å oppløyse nasjonalforsamlinga, og kunngjorde eit nyval som er planlagt til slutten av denne månaden og byrjinga av juli. Spiller Macron eit strategisk sjansespel, og korleis vil Frankrike sjå ut viss ytre høgre partiet, Rassemblement National, får fleirtal i nasjonalforsamlinga saman med forbundsfellane sine? Kan eit potensielt sambuarskap mellom ein statsministrar frå ytre høgre og Macron sitt parti fungere saman?

Her høyrer du frå Guri Rosén (Førsteamanuensis ved Institutt for statsvitenskap ved Universitetet i Oslo, og som har leidd sekretariatet for EØS-utvalet ved ARENA Senter for europaforskning) og Christophe Hillion (forskningsprofessor ved NUPI og dessutan professor i europeisk rett ved Universitet i Oslo). 

Samtalen blir leidd av Forskingsprofessor ved NUPI, Pernille Rieker, som også er leiar for NUPIs senter for Europastudier. Denne samtalen er ein del av prosjektet Noreg og EU mot 2030.

Lytt til episoden her:

Temaer

  • Europa
  • Styring
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU

Personer

Pernille Rieker
Forsker I
Christophe Hillion
Tidligere ansatt (bistilling)
Guri Rosén
Førsteamanuensis, Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo