Skattjakt-nettverket: Webinar
I det andre webinaret (3. nov) av Tax for Development Webinar Series av Chr. Michelsen Institutt (CMI), presenterte Odd-Helge Fjeldstad (CMI), Morten Bøås (Norsk Utenrikspolitisk Instiutt) og Sigrid Jacobsen (Tax Justice Norway) forskingsnettverket Skattjakt koordinert av NUPI.
Skattjakt er eit nettverk som bring saman forskarar og ekspertar med eit formål om å gjere forsking knytta til kapitalflukt, skatt og utviklingsdebatt lett tilgjengeleg for interresserte aktørar og norske og internasjonale beslutningstakarar.
Nettverket arbeider ut i frå at skatt er mykje meir enn eit teknisk problem, og at skatt står i sentrum for viktige samfunnsvitskaplege debattar om staten og evolusjonen av statar. Dette krevjar eit forskingsamarbeid på tvers av ulike displinar og perspektiv. Difor søker nettverket etter bringe saman forskarar, politikarar og andre aktørar frå det globale nord og sør, og hjelpe til med å drive fram eit auka samarbeid på dette feltet. Skattjakt-nettverket har tatt del i Arendalsuka, arrangert internasjonale konferansar og publisert forsking.
- Publikasjon: "Building Tax Sytems in Fragile States: Challenges, Achievement and Policy Recommendations"
Eit viktig bidrag frå Skattjakt-nettverket er boka «Lifting the Veil of Secrecy» publisert av CMI og TJN. Denne boka bidrar med tydelege bevis på korleis bruken av skatteparadis påverkar etterleving av skatteforpliktelsar, korleis det påverkar lobbyverksemd retta mot nasjonale skattesystem og korleis skatteparadis formar forholdet mellom stat og borgar. Forfattarane utforskar desse utfordringane, aktørane, effektane og dei politiske verkemidla som kan gi løysningar.
Forsking på skatt har vokst kraftig dei siste 5-10 åra. Skatt i utviklingssamanheng var tidlegare forbeholdt nokre få «nerdar» og det internasjonale pengefondet (IMF), men har no komme høgt opp på agendaen. Dette har ført fram nye databaser basert på nye kjelder, forskarar samarbeidar tettare med skatteadministratorar og nyare forsking har løfta fram den viktige rolla ulike formelle og uformelle sosiale normer har når det kjem til etterleving av skatteforpliktelsar og korrupsjon.
Det har også komme eit veksande fokus skatt i samband med sårbare statar og deira kapasitet. Utan finansielle ressursar kan ikkje statar utføre dei oppgåvene som borgarane krevjar av dei. Sårbare statar har vanlegvis ikkje skatteinntekter tilsvarande utgiftene i statsbudjsettet (som også gjeld mange rikare land) og er heilt avhengige av bistandsmidlar. Bistandsmidlane sørgjer kanskje for at staten ikkje kollapsar heilt, men dei er heller ikkje bærekraftige på lang sikt for staten si utvikling av eige inntektsgrunnlag og kapasitetar. Dette fenomenet blir gjerne kalla for «sårbarheitsdilemmaet», og gjelder til dømes land som Mali og Den sentralafrikanske republikk.
Eit anna viktig forskingsområde er kapitalflukt og økonomisk ulikheit. Dette er ikkje problem som berre gjeld utviklingsland i Afrika, men også dei fleste andre land i verda. Nasjonale skattesystem og internasjonale skattereglar er ikkje kapable til å hindre mutlinasjonale selskap i å plassere inntektene sine i skatteparadis utanfor nasjonal skattemyndigheiter si rekkevidde. Dette er spesielt krevjande for sårbare statar som ikkje har moglegheit til å sette hardt mot hardt mot store selskap, noko som også har vist seg å vere vanskeleg for rike land som Frankrike.
- Sjekk ut med powerpoint-presentasjonen frå webinaret med lenker til Skattjakt-publikasjonar og anna relevant forsking.
Fortvil ikkje om du gjekk glipp av det forrige webinaret. CMI arrangerer heile tre webinar til i Tax for Development Webinar Series:
- 17. november 15.00-16.00: Do tax administrative interventions targeted at small businesses improve tax compliance and revenue collection? Evidence from Ugandan tax data with Maria Jouste
- 1. desember 15.00-16.00: Implications of the COVID-19 pandemic for revenue collection in poor African countries with Odd-Helge Fjeldstad and Ole Therkildsen
- 15. desember 15.00-16.00: Social norms, pressures and corruption in tax administration with David Jackson