Nytt norsk nettverk lansert på første Oslo-forum for klima, fred og tryggleik
Gradvis auke i globale temperaturar forstyrrar allereie værmønster, økosystem og miljøet. Ei vaksande mengde med forsking tyder på at klimaendringar kombinert med andre drivkrefter kan auke faren for valdeleg konflikt gjennom å undergrave fred og menneskeleg tryggleik. Samstundes kan dårleg innretta klimapolitikk som bidreg til sosial sårbarheit i seg sjølv skape sosial spenning. I takt med ei verdsomspennande auke i tal væpna konflikter, gjer også krig stadig meir skade på miljø og klimaet. Desse dynamikkane har skapt større merksemd kring samverknadene mellom klimendringar, fred og konflikt. Slike samverknader har også blitt gjenstand for målretta internasjonal politikk, etterkvart som implikasjonane av klimaendringar for fred, utvikling og tryggleik har blitt anerkjente av organisasjonar som NATO, Dei sameinte nasjonar (SN), Den afrikanske union (AU) og Den europeiske union (EU).
Forumet freista å reflektere kompleksiteten i feltet ved å inkludere talarar med bakgrunn i politikk, forsking og diplomati. Det vart opna av statssekretær Maria Varteressian og inkluderte diskusjonar om rolla til klima, fred og tryggleik i geopolitikken, klimaendringane sine verknader i Afghanistan og Somalia, implikasjonane av klimaendringar for fred i dei nordiske, baltiske og arktiske regionane, samt ein gjenngomgong av forsking på feltet.
Det nye Norwegian Climate Peace and Security Research Policy and Practice Network vart lansert under hendinga og siktar mot å verte ein samarbeidsplattform for forskarar i Noreg som vil samarbeide, drive med formidling om og utvikle prosjekt innan klima, fred og tryggleik. Den neste utgåva av Oslo Climate, Peace and Security Forum tek stad vinteren 2026.