Hopp til innhold
NUPI skole

NUPI stod for Nordic India Dialogue 22.-23. august

Før helga samla NUPI ei rekkje representantar for akademia, styresmakter og næringsliv til dialogmøte mellom India og dei nordiske landa i Oslo.
NID hoved web.jpg

DIALOG: Ministeren i India for utanrikspolitikk, miljø, skog og klimaendringar Kirti Vardhan Singh, Noreg sin utanriksminister Espen Barth Eide og NUPI-direktør Kari Osland i samtale.

Foto: Therese Leine/NUPI

Årets Nordic India Dialogue er det første i rekkja av det som skal bli ein årleg tradisjon og gå på rundgang mellom dei nordiske forskingsinstitusjonane NUPI, Finnish Institute of International Affairs (FIIA), Institute of International Affairs of Iceland (IAA), Utrikespolitiska Institutet (UI) og Danmarks Tekniske Universitet (DTU). I tillegg er indiske Ananta Aspen Centre blant initiativtakarane.

Formålet var å diskutere relevante tema, utforske felles interesser og anliggande, og byggje nettverk.

Indias rolle i verda har vorte stadig viktigare, og NUPI byggjer vidare på eksisterande ekspertise på landet.

Få også med deg:

Deltakarane på møtet diskuterte mellom anna geopolitiske spenningar, teknologi, forsyningskjeder og innovasjon, det grøne skiftet, og Arktis.

Utanriksminister Espen Barth Eide og ministeren i India for utanrikspolitikk, miljø, skog og klimaendringar Kirti Vardhan Singhholdt innleiande innlegg på møtet.

Frå NUPI deltok mellom anna direktør Kari Osland og leiar for Senter for geopolitikk Ole Jacob Sending.

Dialogmøtet var underlagd Chatham House-regelen.

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Handel
  • Internasjonale investeringer
  • Globalisering
  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Arktis
  • Norden
  • Klima
  • Energi
  • Styring