NUPI skal støtte Danmark med forsking i FNs tryggingsråd
Personer
Danmark vart sumaren 2024 valt til medlem av FNs tryggingsråd – FNs høgste organ med mandat til å sikre internasjonal fred og tryggleik. Slik Noreg gjorde i 2021 og 2022, skal Danmark sitje i tryggingsrådet som eit mellombels medlem frå 2025 til 2026. Vårt naboland siktar i denne perioden på å setje klimaendringar på dagsordenen til tryggingsrådet. Ei gruppe forskarar ved NUPI skal bidra til dette målet ved å gi strategiske råd og publisere relevant forsking.
NUPI og Stockholm International Peace Research Institute (SIPRI) samarbeider om eit klimarelatert freds- og tryggleiksprosjekt som blei starta for å støtte opp om Noregs arbeid gjennom perioden som valt medlem av FNs tryggingsråd i 2021 og 2022. Prosjektet har også blitt finansiert av Sveits og Sør-Korea under deira periodar som innvalde medlemmar i tryggingsrådet for 2023 og 2024. Målsetnaden er å generere påliteleg og relevant informasjon om utfordringar knyta til klima og tryggleik for spesifikke land og regionar som står på dagsordenen til FNs tryggingsråd.
Det mest sentrale kunnskapsproduktet er ein serie med faktaark som tek føre seg ulike regionar og land. Slike faktaark har i år til dømes blitt publiserte i samband med handsaminga av konfliktane i Myanmar, Colombia, Libya og Den sentralafrikanske republikk av Tryggingsrådet. Prosjektgruppa består av forskar 1 Cedric de Coning, seniorforskarar Minoo Koefoed og Thor Olav Iversen, samt vitskapleg assistent Ingvild Brox Brodtkorb.
– Vi er veldig glade for å få høve til å støtte Danmark under deira komande periode i FNs tryggingsråd. Forsking og erfaring syner at klimaendringar kan undergrave fred og menneskeleg tryggleik. Prosjektet vårt samanfattar forskinga på forholdet mellom klima, fred og tryggleik i land som står på dagsordenen til tryggingsrådet. Dette arbeidet informerer diplomati for å sikre internasjonal fred på det høgste nivået av FN, og er difor eit godt døme på korleis forsking kan støtte politikkutforming, seier prosjektleiar Cedric de Coning.