Hopp til innhold
NUPI skole

Foreinleg med Noreg si rolle som petroleumsprodusent?

Er ambisjonen om å vere ein global klimaforkjempar foreinleg med Noreg si rolle som petroleumsprodusent? I eit nytt fokusnummer av tidsskriftet Internasjonal Politikk er dette eit av kjernespørsmåla.
Oljeplattform Troll C Foto Øyvind Hagen Equnir Cropped.jpg

FOREINLEG? Internasjonale omdømmekostnader og aukande global etterspørsel etter fornybar energi aukar presset på ei rask grøn omstilling, også innanlands. I sum synest Noreg sin ambisjon om å vere ein global klimaforkjempar som stadig mindre foreinleg med rolla som storskala produsent av olje og gass, skriv Elisabeth Lio Rosvold i ledarartikkelen til tidsskriftet Internasjonal Politikk. Her er Oljeplattforma Troll C. 

Foto: Øyvind Hagen/Equinor

Personer

Elisabeth L. Rosvold
Tidligere ansatt
Indra Øverland
Forsker I
Anne Funnemark
Tidligere ansatt
Paul Beaumont
Seniorforsker
Tatjana Stankovic
Tidligere ansatt
Ole Jacob Sending
Forsker 1, leder for Senter for Geopolitikk
Ida Dokk Smith
Seniorforsker

Med fem ulike bidrag frå norske samfunnsforskarar set eit nytt fokusnummer av tidsskriftet Internasjonal Politikk søkjelys på norsk klima- og utanrikspolitikk.

Bakgrunnen for og idéen til fokusnummeret kom etter at NUPI-forskarane Paul Beaumont, Cedric dei Coning og Elisabeth Lio Rosvold, som er gjesteredaktør for nummeret, i samanheng med stortingsvalet i 2021, publiserte ein kronikk i Aftenposten der dei stilte det retoriske spørsmålet: Dersom ikkje Noreg går i bresjen for ei grøn omstilling, kven skal då gjere det?

  • Utdrag i denne teksten er henta frå Rosvolds leiarartikkel. Les den her.

Knyter politikken tettare saman

Bidraga i fokusnummeret viser at det har skjett ei vesentleg samankopling av politikkområde som tidlegare har vore fråskild, og at klimapolitikken speler ei stadig større rolle i andre politikkområde, slik som utanriks-, handels- og kraftpolitikken.

I tillegg kjem det fram at den internasjonalen klimaregimet, trass nær universell ratifisering av Parisavtalen, stadig blir fragmentert.

Noreg har reagert på dette med å knyte seg stadig tettare til EU, både når det gjeld klima- og kraftpolitikk.

Presset aukar

Vidare peikar fokusnummeret på at internasjonale omdømmekostnader og aukande global etterspørsel etter fornybar energi aukar presset på ei rask grøn omstilling, også innanlands. I sum synest Noreg sin ambisjon om å vere ein global klimaforkjempar som stadig mindre foreinleg med rolla som storskala produsent av olje og gass.

Dette kan du lese meir om i fokusnummeret:

Lars H. Gulbrandsen (FNI) og Erlend A. T. Hermansen (CICERO) framstiller i fokusbidraget sitt, Ever Closer Union? Norges tilknyting til EUs klimaregelverk Noreg har gått frå å berre delta i kvotehandel i det europeiske kvotesystemet (EU ETS) i 2008 til å nå vere meir eller mindre fullverdige medlemer av klimaregelveket til EU. Det betyr at også ikkje-kvotepliktige utslepp, samt utslepp og opptak knytt til skog, no blir regulerte.

Ida Dokk Smith (NUPI), Bård Lahn (CICERO) og Indra Øverland (NUPI) skildrar i Klimaklubbkvaler korleis Noreg deltek i ulike «klimaklubbar» der konkurrerande omsyn må navigerast. Dei identifiserer tre trendar, med følgjande kvalar, som vil kome til å påverke norsk klimapolitikk framover.

For å kunne nå måla i Parisavtalen og oppfylle krava frå EU, treng ein alternative - fornybare - energikjelder. Her har Noreg eit stort potensial, og Espen Moe (NTNU), Simen Rostad Sæther (NTNU), Jo Kristian Stræte Røttereng (Enova) og Susanne Therese Hansen (NTNU Samfunnsforskning) trekkjer i Kraftmangel i horisonten: Norsk klima og -utenrikspolitikk fra konsensus til strid? fram korleis norsk kraftmarknad følgjeleg har gått frå å vere eit hovudsakleg innanrikspolitisk domene med høg grad av politisk semje, til å nå stå midt i både utanriks- og klimapolitikken.

Anne Funnemark (NUPI) og Paul Beaumont (NUPI) ser nærmare på den norske debatten om konsekvensane av klimapolitikken for norsk petroleumssektor, og analyserer argumenta knytt til framleis oljeutvinning og -leting i lys av stortingsvalet i 2021. Les meir om det i Norges oljedilemma etter Glasgow: Et umoralsk argument for et raskt grønt skifte

I Norges klimaomdømme på Twitter undersøkjer NUPI-forskarane Ole Jacob Sending, Tatjana Stankovic og Indra Øverland kvarvidt det stemmer at Noregs rolle som produsent av olje og gass påverkar internasjonalen vår «klimaomdømme», ved å kartleggje meldingar som blei lagde ut på Twitter i samanheng med det 26. klimatoppmøtet (COP 26) i Glasgow.

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Klima
  • Energi
  • EU

Personer

Elisabeth L. Rosvold
Tidligere ansatt
Indra Øverland
Forsker I
Anne Funnemark
Tidligere ansatt
Paul Beaumont
Seniorforsker
Tatjana Stankovic
Tidligere ansatt
Ole Jacob Sending
Forsker 1, leder for Senter for Geopolitikk
Ida Dokk Smith
Seniorforsker