Foran NATO-toppmøtet i Warszawa
Mørke skyer og forskjellige tryggingshorisontar for NATO-landa: Kva kjem dei til å fokusere i Warszawa?
Sidan siste toppmøte i Wales har tryggleiksutfordringane auka på terskelen til NATO-området – ved grensene både mot aust og sør. Men også på eige område er utfordringane mange, slik terroren både i Paris og Brussel har vist. Kort fortalt: Vi lever i ei usikker verd med både klare og umiddelbare så vel som meir samansette og vage uvisser.
Vi har spurt leiaren for forskingsgruppa for tryggleik og forsvar ved NUPI, Karsten Friis, om å gi eit overblikk over det han ser som dei sentrale temaa på toppmøtet. NUPI har publisert fleire Policy Briefs om temaet (sjå faktaboks).
Forskjellige posisjonar
For einkvar organisasjon er det viktig med intern samanheng. Korleis er det med den indre semja blant NATO-landene, Karsten Friis?
- Vi ser at medlemslanda stiller seg ulikt til Russland og i kva grad landet utgjer ein trussel. Dei baltiske landa og Polen synest meir urolege enn dei andre, mens andre snakkar om å lette på EU-sanksjonane overfor Russland. Brexit og framveksten av fløyparti i mange NATO-land er heller ikkje noko godt grunnlag for solidaritet og fellesløysingar.
Friis trekker også fram byrdefordeling:
- USA freistar sterkare enn nokon gong å få europeiske medlemsland til å betale meir for tryggleiken sin og til å auke delen sin av NATO-budsjettet.
Han peikar også på at ulik geografisk plassering – i ei tid med mange svake og usikre europeiske økonomiar – lett kan føre til forskjellige syn på kor innsats skal konsentrerast.
- Nokre land og grupper vil ha merksemda mot aust, mens andre vil ha den mot sør og den ustabile situasjonen i Midtausten og Nord-Afrika med tilhøyrande utfordringar som ISIL/Daesh, migrasjon og terrorisme. Å finne ein god og robust balanse mellom forskjellige horisontar krev framifrå politisk handverk.
Eige område først
På toppmøtet i Wales i 2014 var trenden delvis å trekke seg frå eit «out of area-perspektiv» til meir fokus på kollektiv tryggleik, NATO-området og artikkel V, ikkje minst som ein følge av russisk aggresjon på Krim og i Aust-Ukraina. Ser du nokon ny pendelrørsle i dette spørsmålet?
- Med mindre Putin engasjerer seg i nye militære eventyr, er det lite sannsynleg at NATO vil skru avskrekkinga ytterlegare enn det som vi allereie veit vil bli vedteke i Warszawa. Viljen til å binde opp meir allierte troppar for å berolige eigne medlem og i ståande styrkar er heller liten. I tillegg er det dyrt.
- Etter kvart vil meir påtrengande oppgåver forbunde med krisehandsaming igjen kunne dominere NATOs dagsorden. Å byggje militær kapasitet, patruljering i og overvaking av Middelhavet vil kunne bli viktige oppgåver. Eit av spørsmåla som blir diskutert, er om og eventuelt korleis NATO bør engasjere seg i Libya.
Ytterlegare utviding av NATO?
Kva med utviding og «open dør-»politikken, tema som har vore mykje framme på tidlegare toppmøte?
- Montenegro blir snart det 29ende medlemmen i alliansen, og for tida går debatten høgt i Sverige om landet skal bli med eller ikkje. Ja-sida har vakse noko, men mange har enno ikkje bestemt seg. Om Sverige bestemmer seg for å bli med, vil Finland truleg følge på. Og det vil openbert endre tryggleiksarkitekturen i Nord-Europa omfattande. I positiv retning, etter synet mitt, seier Friis.
Han trekker også fram medlemskap for Ukraina og Georgia – to tidlegare sovjetrepublikkar.
- Alle veit at dei er varme potetar. For meg synest ein eventuell medlemskap for desse to mindre aktuelt i dag enn det var for få år sidan.
I det typiske NATO-språket fløymer det av akronymer, blant anna på styrkeområdet: RAP, EFP, NRF, VJTF … Readiness Action Plan, Enhanced Forward Presence, NATO Response Force og Very High Readiness Joint Task Force. Kan du kort forklare desse for folk flest og forholdet mellom dei?
- Toppmøtet vil etter alt å dømme styrke avskrekkingselementet – både for å skremme motpartar i aust og for å roe medlemer i aust. Kort fortalt så dreier det seg om to landstyrkeelement: Det eine er the Enhanced Forward Presence, som består av kontinuerlege roterande multinasjonale bataljonar i Baltikum og Polen. Ofte blir desse omtalte som “tripwires” – snubletrådsstyrke.
Det andre elementet, forklarer Friis, er forsterking, gjennom NRF – hurtigreaksjonsstyrken til NATO – og spydspisstyrken i denne, VJTF. Dertil kjem forsterkingar og verneplanar. Luft- og sjøkomponentar kjem i tillegg. Dessutan har USA ein eigen roterande brigade i medlemslanda i aust.
- Men få av desse styrkane er nye; heller er dei omorganiserte, samtidig som dei øver oftare. Saman med den kjernefysiske dimensjonen er dei alle meint å vise motpartar at NATO både har den politiske viljen og militære kapasitetar til å forsvare seg.
Ingen grunn til panikk
Til slutt: er dei tidene forbi då statsleiarar våga å love ein ny verdsorden og ein slags absolutt fred? Her har vi snakka om såkalla «lite truleg – store konsekvensar»-scenario, der konvensjonelle væpna styrkar har ei nøkkelrolle.
- Men for folk flest er scenario av typen «meir truleg – mindre konsekvensar» atskilleg meir relevante, blant anna terrorangrep. Væpna styrkar og NATO kan berre ha ei avgrensa rolle å spele i å motarbeide slike truslar. Det er først og fremst eit ansvar for politi- og justisstyresmaktene, seier Friis og avsluttar:
- Å styrke denne typen tryggleik handlar kanskje meir om: riskikohandsaming – om å handsame mange, nye, uføreseielege og komplekse riskikofaktorar og om å etablere eit akseptabelt tryggleiksnivå. Men no må vi ikkje gløyme at reint statistisk er det å leve i Vesten i 2016 truleg den tryggaste nokon gong i menneskhistoria. Så det er ingen grunn til panikk.
Fakta
Nye NUPI Policy Briefs og NATO-toppmøtet
- Rethinking Strategy: NATO and the Warsaw Summit
- Expectations for the Warsaw Summit: Conventional and Nuclear Responses to Russian Belligerence
- Can NATO’s New Very High Readiness Joint Task Force Deter?
- How the Framework Nation Concept Can Reduce NATO’s Growing Formation – capability gap
- Military Non-alignment, Political Solidarity, and a Retreat to Territorial Defence: how to understand the Swedish NATO-debate
Ønsker du mer innsikt i NATO-spørsmål? NUPI har flere arrangement som omhandler NATO; den ser du på YouTube.