Får 12 millionar til å forske på korleis bedrifter taklar geopolitisk risiko
Personer
– Prosjektet handlar om korleis firma navigerer og tek avgjerder når det i mange vestlege land kjem ny politikk som handlar om å gjere seg mindre avhengig av Kina, seier forskar 1 Ole Jacob Sending om prosjektet DERISK: How firms navigate de-risking regimes.
17. oktober kom nyheita om at NUPI har fått såkalla FRIPRO-midlar frå Noregs forskingsråd (NFR) til endå eit prosjekt denne hausten. Tildelinga er på 11 997 000 kroner.
- Les om dei andre prosjekta NUPI har fått NFR-støtte til i denne runden her.
– Mykje forskingsfokus har vore på kva statar gjer og ikkje gjer, medan vi altså skal sjå på korleis firma forheld seg til denne utviklinga, forklarer Sending.
Han understrekar at arbeidet med å skape prosjektet i stor grad har vore kollektivt.
– Pådrivarane har vore seniorforskarane Lars Gjesvik ved NUPI og Ole Willers ved CBS (Copenhagen Business School, rei. anm.). Utover dei to og meg, er seniorforskar Ida Dokk Smith ved NUPI, professor Abe Newman ved Georgetown University, og professor Leonard Seabrooke ved CBS og NUPI, med på laget, seier Sending.
Prosjekttildelinga er spesielt verdifull for NUPI fordi instituttet vil satse på å byggje opp kompetanse på feltet internasjonal politisk økonomi.
– Internasjonal politisk økonomi er veldig relevant i verda i dag, og vi har derfor ønskt å byggje opp forskingskompetanse på dette på NUPI over lengre tid. Derfor er det sjølvsagt veldig viktig og bra at Forskingsrådet vil finansiere dette prosjektet, seier Sending.
NUPI-direktør Kari Osland er også veldig fornøgd med tildelinga:
– Eg er svært stolt av Ole Jacob og teamet hans, som har lykkast med endå ein NFR-søknad, denne gongen eit FRIPRO-prosjekt. I den tida vi lever i, er det viktig å få ei djupare forståing av forholdet mellom politikk og økonomi, noko dette prosjektet vil bidra til. Eg ser fram til å følgje med på prosjektet i framhaldet, seier ho.