Arrangement
Frukostseminar: Den humanitære krisa i Ukraina – kva kan gjerast?
Fleire millionar menneske har flykta frå Ukraina, og endå fleire er internt fordrivne. Samtidig er dei materielle øydeleggingane enorme og kritisk infrastruktur som veg, bruer, vass- og straumforsyning er skadd. Den humanitære krisa er akutt.
Krigen har også alvorlege politiske og økonomiske konsekvensar og vil påverke den globale og regionale situasjonen i lang tid framover.
Saman med Norwegian Centre for Humanitarian Studies (NCHS) har vi gleda av å invitere til eit ope seminar om den humanitære krisa i Ukraina. Sentrale spørsmål vi vil diskutere er:
Korleis er den humanitære situasjonen i Ukraina no?
Kva skjer med dei som flyktar? Kvar drar dei? Kva slags hjelp får dei? Korleis blir dei mottatte der dei kjem?
Kva gjer bistandsorganisasjonane?
Kva kan gjerast på politisk og diplomatisk nivå for å handtere situasjonen?
Program:
Velkommen, Stein Sundstøl Eriksen, seniorforskar, NUPI
I panelet:
Marta Bivand Erdal, seniorforskar, PRIO
Salla Turunen, forskar, CMI
Marthe Handå Myhre, postdoktor, NIBR/Oslomet
Karine Nordstrand, styreleiar, Leger utan grenser
Stein Sundstøl Eriksen leier samtalen og det vil vere mogleg å stille spørsmål til panelet.
Seminaret finn stad i NUPIs lokale, men det vil også vere mogleg å følgje oss direkte på YouTube-kanalen vår her. Vi serverer lett frukost frå klokka 08.30.