Hopp til innhold
NUPI skole
020222 mental-health-and-radicalization-3.jpg

Arrangement

Er det ei kopling mellom psykisk (u)helse, terrorisme, ekstremisme og radikalisering?

Det moglege forholdet mellom psykisk helse og radikalisering, ekstremisme og terrorinvolvering har fått mykje merksemd i det siste. Men kva veit ein eigentleg om dette forholdet?
02 februar 2022
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Konflikt
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital

Er det samanhengar mellom radikaliseringsprosessar og individs psykiske helse? Kva er dei etiske retningslinjene for praktikarar som jobbar med førebygging og terrornedkjemping? Og kva konsekvensar har koronapandemien hatt for psykisk helse? Desse spørsmåla skal Monica Lloyd, Anders Bo Christensen og Eva María Jiménez González sjå nærare på onsdag 2. februar.

Monica Lloyd er ein britisk rettsmedisinsk psykolog som har erfaring frå HM Prison Service, HM Prison Inspectorate og arbeid med den terrortiltalte som sit varetektsfengsla. Dei siste ti åra har ho jobba i Center for Applied Psychology ved Birmingham Universitetet der ho har utvikla eit rettsmedisinsk doktorgradskurs og forska på valdeleg ekstremisme. Ho er også tilknytta British Psychological Society der ho har utvikla retningslinjer for praktikarar som jobbar med terrorforbrytarar i Storbritannia, og i Europa gjennom RAN-nettverket.

Eva María Jiménez González, er lege i klinisk og rettsmedisinsk psykologi og leier Institutt for Rettsmedisinsk Psykologi for det spanske justisdepartementet. Ho er nestleiar for RAN Mental Health Working Group (RAN Practitioners), teamleiar for International Relationship with Institutes and Network (RAN Policy Support), og ambassadør for RAN (European Commission) i Spania. Ho har ei leiarstilling hos International Master in Clinical and Forensic Psychology ved International University of Menéndez Pelayo.

Anders Bo Christensen er spesialrådgivar i det danske nasjonale Center for Forebyggelse af Ekstremisme og i Radicalisation Awareness Network (RAN). Han jobba i fleire år med rådgiving innan førebygging av valdeleg ekstremisme, primært retta mot kommunar, politiet og andre relevante aktørar og fagpersonar. Anders Bo har lærarbakgrunn og jobba tidlegare på skular i vanskelegstilte bydelar. Han har jobba ei årrekkje for København kommune med å utvikla EXIT-strategiar og seinare ved den dansken Socialstyrelsen med å utvikla tiltak for å forhindra rekruttering av ungdomsgjengar.

Program:

Innleiing og presentasjon – Rita Augestad Knudsen

Etiske retningslinjer for praktikarar  – Monica Lloyd

Den danske tilnærminga – Anders Bo Christiansen

Konsekvensar av koronapandemien - Eva María Jiménez González

Det vil vera mogleg for deg som følgjer oss direkte å stilla spørsmål til panelistene undervegs i webinaret.

 

Dette webinaret blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet

Talere

Anders Bo Christensen
Spesialrådgiver, The Danish Centre for prevention of Extremism
Eva María Jiménez González
Head of the Institute of Forensic Psychology
Monica Lloyd
Seniorforeleser, University of Birmingham
02 februar 2022
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Konflikt
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital