Hopp til innhold
NUPI skole
250422 Boklansering digitalisering og internasjonal politikk-3_ny med panelet.jpg

Arrangement

Boklansering: Digitalisering og internasjonal politikk

Kva for nokre tryggingspolitiske val og dilemma representerer den nye digitale kvardagen for Noreg og resten av verda? NUPI og Universitetsforlaget inviterer til boklansering på Internasjonalen i Oslo!
25 april 2022
18:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Internasjonalen
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Cyber
  • Etterretning
  • Utenrikspolitikk
  • Konflikt
  • Styring
  • Internasjonale organisasjoner
  • FN
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk

Kampen for å påverke korleis internett skal fungere er godt i gang . Utbygginga av 5G-nettverk har blitt ein global dragkamp der land pressar kvarandre til å velje bort bestemde leverandørar, og private selskap i den digitale sektoren får stadig større økonomisk og politisk makt. Internasjonale aktørar som FN og NATO strevar med å finne sin plass i det nye landskapet. I FN går det føre seg ein intens strid om kva for nokre internasjonale normer som skal gjelde i det digitale rommet, og NATO har definert cyber som eit eige domene på linje med land, luft og sjø.
Alt dette tilseier at digitalisering vil vere med på å definere internasjonale konfliktlinjer i lang tid framover. Men korleis?

I den nye boka Digitalisering og internasjonal politikk (Universitetsforlaget) samlar Håkon Bergsjø og Karsten Friis (seniorforskar, NUPI) ulike perspektiv frå leiande fagmiljø på korleis digitalisering påverkar internasjonal politikk og konfliktdynamikk.

NUPI og Universitetsforlaget inviterer til boklansering i andre etasje på Internasjonalen i Oslo (Youngstorget) frå 16.00 måndag 25. april.

Vi byr på forfriskingar ved framkomst, og det blir panelsamtale frå 16.00 - 17.00, med god tid til mingling etterpå.

Panelet består av redaktørane, og dessutan forfattarane av følgjande kapittel:

Erik Reichborn-Kjennerud: Krig i ei verd av framand intelligens

Siri Strand: Strategisk kommunikasjon av cyberkapabiliteter

Leonora Onarheim Bergsjø: Digitalt kappløp – ein verdikamp

Merk at dette arrangementet ikkje blir strøymt.

Boka er redigert av Håkon Bergsjø og Karsten Friis. Andre bidragsytarar er Leonora Bergsjø, Petter Bae Brandtzæg, Lars Gjesvik, Cecilie Hellestveit, Erik Kursetgjerde, Olav Lysne, Erik Reichborn-Kjennerud, Niels Nagelhus Schia, Siri Strand, og Bjørn Svenungsen.

Les intervju med redaktørane her.

Bidragsytere

Karsten Friis
Forsker 1
Erik Reichborn-Kjennerud
Seniorforsker
Siri Strand
Tidligere ansatt
Leonora Onarheim Bergsjø
Førsteamanuensis, HiØ
Håkon Bergsjø
Forsvaret / NSM
25 april 2022
18:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Internasjonalen
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Cyber
  • Etterretning
  • Utenrikspolitikk
  • Konflikt
  • Styring
  • Internasjonale organisasjoner
  • FN
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk