Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

WEBINAR: Digital teknologi og bistand

Når digitaliseringa skyt fart, blir behovet for å kople cybertryggleik og utvikling også sterkare. På dette webinaret ser vi nærare på ein ny rapport som tar for seg dette, saman med rapportforfattarane Melissa Hathaway og Francesca Spidalieri.
14 desember 2021
15:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Cyber
  • Utviklingspolitikk
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital

Knappleik på ressursar er ei utfordring for utviklingsland på ei rekkje område. Cybertryggleik er ikkje noko unntak. Når digitaliseringa skyt fart, blir behovet for å kople cybertryggleik og utvikling også sterkare. Seinast i juni i år møttest Verdsbanken og Global Forum on Cyber Expertise (GFCE), som jobbar med å styrkje kapasitet og ekspertise på cybertryggleik verda over, for å sjå nærare på korleis ein kan byggje bru mellom kapasitetsbygging innan cybertryggleik og aktørar som jobbar med utvikling.

På dette webinaret, som blir arrangert av NUPIs forskingssenter for digitalisering og cybertryggleik, skal vi sjå nærare på funna frå rapporten Integrating Cyber Security into the Digital Development Agenda, saman med forfattarane Melissa Hathaway og Francesca Spidalieri. Rapporten set søkjelys på nokre av nøkkelutfordringane – og fordelane – ved å innlemme cybertryggleik, digital robusthet og kapasitetsbygging på cyberfeltet i den meir generelle utviklingsdagsordenen. Rapporten viser også til døme på «best practice» og arenaer der felta cybertryggleik og utvikling kan møtast, og dessutan aktivitetar som kan leggje til rette for meir samarbeid mellom dei to miljøa.

 

Vil du få invitasjonar og nyheiter frå oss rett i innboksen? Klikk her for å melde deg på nyheitsbrevet vårt.

Om bidragsytarane:

Melissa Hathaway er ein internasjonalt anerkjend ekspert på cybertryggleik og handtering av digital risiko, og har arbeidd på høgt nivå for styresmakter og internasjonale institusjonar. Ho har jobba med to av USAs presidentadministrasjonar. Hathaway leidde Cyberspace Policy Review under president Barack Obama og Comprehensive National Cybersecurity Initiative (CNCI) under president George W. Bush. Som president i Hathaway Global Strategies har Hathaway ein unik kombinasjon av politisk og teknisk ekspertise, i tillegg til styreerfaring, og er dermed godt posisjonert for å hjelpe klientar med å betre forstå samspelet mellom policy, trendar innan teknologi og industry, og økonomiske drivkrefter bak innkjøp og bedriftsutviklingsstrategiar. Hathaway har bachelorgrad frå The American University in Washington, D.C, har fullført doktorgradsstudium i internasjonal økonomi og teknologipolicy, og er uteksaminert frå US Armed Forces Staff College med spesialsertifisering I informasjonsoperasjonar. Ho publiserer jamleg arbeid på cybertryggleiksfeltet, som kan lesast her.

Francesca Spidalieri er cybersikkerhetkonsulent for Hathaway Global Strategies, og dessutan førsteamanuensis i cyberpolicy ved University of Maryland's School of Public Policy og ved  Salve Regina University. Ho er også ein av hovudbidragsytarane til Cyber Readiness Index 2.0-prosjektet ved Potomac Institute for Policy Studies, og Senior Fellow for Cyber Leadsership ved Pell Center for International Relations and Public Policy. Spidalieri bidrar også som ekspert på cybertryggleik i Verdsbanken, FNs International Telecommunications Union, Global Forum on Cyber Expertise (GFCE), og ved fleire andre forskingsinstitutt i Europa og USA. Forskinga og publikasjonane hennar har dreidd seg om utvikling av leiarskap innan cyberfeltet, handtering av cyberrisiko, det digitale skifta og nasjonal cyberberedskap og -robusthet. Spidalieri har mastergrad i internasjonale forhold og tryggingsstudiar frå The Fletcher School ved Tufts University, og bachelorgrad i statsvitskap og internasjonale relasjonar frå universitetet i Milano. Ho har også fullført kurs I cybertryggleik ved Center for Cyber Conflict Studies ved U.S. Naval College. Ho held jamleg foredrag om cyberrelaterte hendingar i USA og Europa, og bidrar til tidsskriftartiklar og andre publikasjonar om cyberpolicy som påverkar statar og organisasjonar verda over.

Hovedtalere

Melissa Hathaway
President, Hathaway Global Strategies
Francesca Spidalieri
Cybersikkerhetskonsulent (Hathaway Global Strategies) og førsteamanuensis ved University of Maryland’s School of Public Policy og Salve Regina University
14 desember 2021
15:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Cyber
  • Utviklingspolitikk
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital