Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

WEBINAR: Dei vil, dei vil, men får det ikkje til: USA og det maritime forsvaret av Europa

USAs maritim-strategiske tilnærming til Europa er på veg inn i eit nytt paradigme, men korleis ser dette paradigmet ut, og kva har dette å seie for Europa og Noreg?
14 desember 2021
11:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Direktestrømming
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Norsk
  • Seminar
  • Digital

Med utgangspunkt i Norske- og Barentshavet argumenterer Amund Nørstrud Lundesgaard for at det sentrale kjenneteiknet til det nye paradigmet er det han kallar High Profile/Low Availability (HIPLA) tilnærming: høg profil på det amerikanske maritime nærværet, men låg tilgjengelegheit på assistanse i tilfelle krise eller krig.

USAs maritime styrkar er utfordra på to frontar av Kina og Russland, men har avgrensa ressursar. Sidan Stillehavet har førsteprioritet blir følgjene påtakelege i det maritime domenet, og spesielt på NATOs maritime nord-flanke, og den amerikanske beredskapen held ikkje tritt med utfordringane. USA har likevel framleis sterke interesser i Europa, men sidan landet ikkje har kapasitet til å møte den aukande Russiske utfordringa er løysinga derfor å ha høg profil på det maritime nærværet i Europa for å signalisere ei framleis interesse for regionen.

Forsvaret av Europa, og især forsvaret av NATOs nordflanke, ventar i stor grad på USAs maritime forsvarsgreiner. Den nye amerikanske strategiske tilnærminga har derfor potensielt store strategiske og operasjonelle implikasjonar for Noreg og Europa, der rollefordelinga i det maritime forsvaret av Europa kan få ei omfattande endring.

Denne tematikken skal Amund Nørstrud Lundesgaard snakke om på webinaret 14. desember. Han er førsteamauensis ved Stabsskolen, FHS.

Seniorforskar og leiar for Forskningsruppen på tryggleiks og forsvar på NUPI, Karsten Friis, vil kommentere Lundesgaards presentasjon. Det vil også forskar 1 på NUPI, Pernille Rieker.

Møteleiar er Forskar 1 på NUPI, Marianne Riddervold.

Hovedtalere

Karsten Friis
Forsker 1
Pernille Rieker
Forsker I
Amund Nørstrud Lundesgaard
Førsteamanuensis, Stabsskolen, Forsvarets høgskole (FHS)
14 desember 2021
11:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Direktestrømming
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Norsk
  • Seminar
  • Digital