Arrangement
WEBINAR: Auka migrasjon gjennom den aust-europeiske ruta – nye dilemma for EU
Auka migrasjonspress på grensa mellom Polen og Kviterussland er i ferd med å opne ei ny migrasjonsrute til Europa. I tillegg står vi no overfor eit nytt fenomen i internasjonal politikk: at ein stat bruker migrantar som eit politisk verktøy i utanrikspolitikken.
Europeiske avgjerdstakarar åtvarar om ei slik "våpengjøring" av migrantar i ei ny form for hybrid krigføring. Krisa på den polsk-kviterussiske grensa har ført til fleire brot på folkerettslege normer og ein vanskeleg situasjon for migrantane i skvis mellom polske og kviterussiske soldatar.
Krisa fører også til spørsmål rundt forholda til flyktningar og migrantar i vertsland og avsendarland som blir ein del av dette storpolitiske spelet i Europa.
På dette seminaret vil vi sjå nærare på i seinare tids utvikling, og deltakarane vil diskutere for kva den mest optimale handteringa av migrasjon under skiftande omstende kan vere.
Dette seminaret er ein del av prosjektet “Migrasjon og utvikling: Kunnskapsutveksling mellom Noreg og Polen (MiDeShare)”. Prosjektet er finansiert av Island, Liechtenstein og Noreg gjennom EØS-midlane.