Arrangement
Russlandskonferansen 2021
Russlandsforskarane på NUPI har, i samarbeid med andre norske russlandsmiljø, fått finansiering av Forskingsrådet til eit nasjonalt nettverk for russlandsforskarar. Russlandsnettverket (RUSNETT) er eit nytt, tverrfagleg nettverk for forskarar som arbeider med problemstillingar knytt til russisk politikk og samfunnsutvikling. Nettverket tar sikte på å formidle forskingsbaserte innsikter, bidra til kunnskapsutveksling med politikarar og forvaltning, og medverke til eit betre informert offentleg ordskifte. Som del av nettverksprosjektet vil det jamleg sendast ut nyheitsbrev om kva som går føre seg i norsk russlandsforsking, blant dei arrangement og publikasjonar om Russland. Meld deg på nyheitsbrevet her!
Konferansen vil vere ei lansering av Russlandsnettverket, og byr på foredrag og innlegg frå nokre av dei fremste russlandsforskarane i landet, og dessutan høve til å ta del i diskusjonar om dei siste trekka innan russisk politikk og samfunnsutvikling.
Vi er no også veldig glade for å kunne annonsere at utanriksminister Anniken Huitfeldt vil opne konferansen!
MERK:
Denne konferansen vil gå som eit fysisk arrangement i Wergeland-salen på Litteraturhuset, og samtidig blir direkte strøymd til NUPIs YouTube-kanal. Der kan sjåarane også delta ved å stille spørsmål via chatfunksjonen. Alle som var registrerte på denne sida har fått tilbod om å registrere seg for fysisk deltaking.
Dei som ønskjer å vere til stades fysisk må registrere seg via denne lenkja.
Det er berre nokre få plassar og førstemann til mølla gjeld. For å delta digitalt er det ikkje behov for å registrere seg og inga plassavgrensing. Konferansen startar 09.00 presis, vi vil derfor tilrå tidlegare oppmøte.
Smittevern:
Sjølv om mange er vaksinerte, er ikkje pandemien over. Dei generelle råda for smittevern som framleis gjeld er:
Hald deg heime viss du er sjuk.
Test deg for covid-19 viss du har symptom på luftvegsinfeksjon. Dette gjeld både vaksinerte og ikkje-vaksinerte.
Ha god hand- og hostehygiene
Viss du tilhøyrer ei risikogruppe, følg råd til personar i risikogrupper (fhi.no)
Program:
Etter to tiår med Putin – kva no? Norske perspektiv på utviklinga i Russland.
08:35 Registrering og kaffi
09:00 Velkommen
09:05 Opningsinnlegg ved utanriksminister Anniken Huitfeldt
09:15 -10:15 Innanrikspolitikk
Kva betyr utfallet av Dumavalget? Vil vi sjå lettar før, eller kanskje etter, 2024? Kor stabil er Putins maktvertikal, og kor effektiv? Kva slags Russland ønskjer Putin å etterlate seg?
Paneldiskusjon:
Kirsti Stuvøy (NMBU)
Geir Flikke (UiO)
Helge Blakkisrud (NUPI)
Jørn Holm-Hansen (NIBR/Oslomet)
Ordstyrar:
Håvard Bækken (IFS)
10:15-10:30 Kaffipause
10:30-11:15 Politisk økonomi og energi
Korleis står det til med russisk økonomi etter koronapandemien? Har Russland tatt inn over seg det grøne skiftet? Korleis kan vi forstå forholdet mellom forretningseliten og det politiske regimet, og kva slags effekt har eigentleg fortsette sanksjonar?
Paneldiskusjon:
Arild Moe (FNI)
Una Hakvåg (FFI)
Ingerid Opdahl (IFS)
Andrey Mineev (Nord)
Ordstyrar:
Indra Øverland (NUPI)
11.15-12.00 Lunsj
12.00-12.45 Identitet
Kva forteljingar pregar russisk sjølvforståing? Korleis pregar identitetsspørsmål Russlands politikk heime og mot utlandet? Kreml tar grep for å stabilisere russisk nasjonal identitet, som lenge har vore både uavklart og i rørsle, rundt utvalde symbol. Lykkast dei?
Paneldiskusjon:
Jardar Østbø (IFS)
Pål Kolstø (UiO)
Kari Myklebost (UiT)
Iver Neumann (FNI)
Ordstyrar:
Tora Berge Naterstad (NUPI)
12:45-13:45 Utanriks- og tryggingspolitikk: Snapshot-foredrag
I løpet av det siste tiåret har Russland gjort eit comeback som europeisk stormakt med globale ambisjonar. Vi har invitert norske Russlandeksperter til å fortelje om Russlands forhold til utlandet, frå nært til fjernt.
Russland og nordområda: Karen-Anna Eggen (IFS)
Russland og Europa: Adrian Rogstad (University of Groningen)
Russland og USA/NATO: Jakub Godzimirski (NUPI)
Russland og Ukraina: Kristian Åtland (FFI)
Russland og Sentral-Asia: Kristin Fjæstad (NUPI)
Russland i Midtausten og Sør-Kaukasus: Julie Wilhelmsen (NUPI)
Russland og Kina: Tom Røseth (FHS/Stabsskolen)
Ordstyrar:
Andreas Østhagen (FNI)
13.45-13.55 Avsluttande kommentarar om Norsk Russlandsforskning
Kristin Høiby (NFR)
Ordstyrar:
Kristin Fjæstad (NUPI)