Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Korleis påverkar klimaendringane FNs fredsoperasjonar?

Få unik innsikt i kva klimaendringane betyr for FNs fredsbevarande operasjonar.
19 april 2021
10:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
YouTube
Seminar

Temaer

  • Fredsoperasjoner
  • Humanitære spørsmål
  • Klima
  • Energi
  • Hav
  • FN
  • Seminar
  • Digital
  • Engelsk

Åtte av dei ti landa som er vert for store fredsoperasjonar er lokaliserte i område som er svært utsette for klimaforandringar. FNs fredsoperasjonar får i aukande grad i oppdrag frå Tryggingsrådet å vurdere og svare på klimarelaterte tryggingsrisikoar.

Sjå opptak av webinaret her:

FN har også vore involvert i ein kampanje det siste tiåret for å redusere karbonavtrykket i fredsoperasjonane sine. I dette seminaret vil vi sjå på dei nye utfordringane som klimaendringane medfører for fred og tryggleik, og korleis klimaendringane påverkar FNs fredsbevarande operasjonar. Vi vil også sjå nærare på kva erfaringar India har gjort seg, når det gjeld klimaendringar knytt til dei fredsbevarande operasjonane landet har bidratt i.

Ønskjer du oppdateringar om prosjektet rett i e-postboksen? Meld deg på nyheitsbrevet her.

Seminaret blir arrangert av United Service Institution of India, Norsk utanrikspolitisk institutt  (NUPI) og Stockholm International Peace Research Institute (SIPRI), og er ein del av prosjektet Climate-related peace and security risks, som NUPI og SIPRI leiar.

Paneldeltakarar:

Maj Gen BK Sharma (Retd), direktør, United Service Institution of India. Han har lang kamperfaring og har blitt tildelt ulike prisar av den indiske presidenten heile tre gonger. Sharma har m.a. vore militær observatør i Mellom-Amerika, den indiske forsvarsattacheen i Sentral-Asia, leidd ein divisjon ved grensa til Kina og har vore senior fakultetsmedlem ved National Defense College. Han spesialiserer seg innanfor strategiske vurderingar og scenariospel.

Dr Manish Shrivastava er assisterande professor ved Institutt for energi og miljø ved TERI School of Advanced Studies i New Delhi der han m.a. underviser i klimaendringar, og lov og rett i ei globaliserande verd. Dr. Shrivastava er på twitter @manishipta.

Rania Dagash-Kamara er leiar Policy and Best Practices i FN´s avdeling for fredsoperasjonar. Dei siste tjue åra har ho arbeidd innan politikk, strategisk planlegging, politiske saker, operasjonar og programstyring med FN i Afrika, Asia og Midtausten, inkludert Special Political Missions, og dessutan fredsbevarande og humanitære operasjonar. Ho har hovudsakleg fokusert på fred og tryggleik, og har tenestegjort i Irak, Jordan, Kuwait, Pakistan, Filippinane, Sudan og Etiopia. Før den noverande stillinga si var ho kontorsjef i Nairobi for FNs operasjon i Somalia og har også fungert som stabssjef i to kontor: Kontoret for spesialutsending for Sudan og Sør-Sudan og FN-kontoret til Den afrikanske unionen. Ho tenestegjorde ved UNHQ i OCHA og i UNHQ Genève med kontoret til spesialutsendingen for Syria.

Florian Krampe er seniorforskar og direktør for klimaendrings- og risikoprogrammet ved Stockholm International Peace Research Institute (SIPRI). Krampe spesialiserer seg på freds- og konfliktforsking, miljø- og klimatryggleik og internasjonal tryggleik. Han er også spesialutnemnd professor ved Network for Education and Research on Peace and Sustainability ved Hiroshima University, Japan. Han twitrer frå @FlorianKrampe

Maj Gen A K Bardalai (Retd) var kommandant for det indiske militære treningslaget i Bhutan frå oktober 2011 til januar 2014. Tidlegare arbeidde han som militær observatør i FNs verifiseringsmisjon i Angola i 1991-92. Han blei tildelt Ministry of External Affairs Fellowship ved United Services Institution of India i 2003-2004 for forskinga si om "Changing Global Security: Its implications for UN Peacekeeping Operations." Seinare tente han også i Libanon som nestleiar for operasjonen og nestleiande styrkesjef for UNIFIL frå 2008 til 2010.

Renata Lok-Dessallien er FNs øvste leiar i India. Dessallien har arbeidd for FN i 35 år i Afrika og Asia i mange ulike roller, inkludert 17 år som FNs øvste landlege leiar, humanitær koordinator og UNDP-representant. Før ho tiltredde oppdraget som FNs øvste leiar i India, var ho senior stipendiat ved Oslo Governance Center ved UNDP i Noreg.

Dr Cedric de Coning er forskarprofessor ved NUPI, der han er leiar av FN-senteret, koordinerer Effectiveness of Peace Operations Network (EPON) og leier det prosjektet Cliamte-related Peace and Security Risks. Han er også seniorrådgivar for ACCORD. Han twitrer på @CedricdeConing

Maj Gen PK Goswami, VSM (Retd); Nestleiar, United Service Institution of India. Goswami var militær observatør med FNs operasjon i Angola (UNAVEM) i 1991-92 og seniorfakultetsmedlem ved National Defense College i New Delhi. Goswami representerte National Defense College, India på det 16. ASEAN Regional Forum for Heads of Defense for Universiteter, høgskular og andre institutt I Beijing i november 2012.

1400 ISA

1030 CET

Velkomst

Maj Gen PK Goswami (Retd), Deputy Director, USI-India

1401-1415 ISA
 1031-1045 CET

Opning

Maj Gen BK Sharma (Retd), Director, USI-India

 

Dr Cedric de Coning, Research Professor, NUPI

 

Ms. Rania Dagash-Kamara, Chief of Policy and Best Practices Service, UN DPO

 

1415-1430 ISA
 1045-1100 CET

Klimaforandringar og konfliktområde: Nye utfordringar i forhold til fred og tryggleik

 

Dr Manish Srivastava, Assistant Professor, TERI 

1430-1440 ISA
 1100-1110 CET

Klima, fred og tryggleik: FNs tryggingsråd

 

 

Dr Florian Krampe, Director of the Climate Change and Risk Programme, SIPRI

1440-1455 ISA
 1110-1125 CET

Indiske erfaringar med klimaforandringar og fredsoperasjonar

 

Maj Gen A K Bardalai (Retd)

1455-1525 ISA
 1125-1155 CET

Spørsmålsrunde/Diskusjon

 

1525-1530 ISA
 1155-1200 CET

Avslutning  

Ms. Renata Lok-Dessallien, UN Resident Coordinator in India

Hovedtalere

Cedric H. de Coning
Forsker 1
Florian Krampe
Senior Researcher, SIPRI
Maj Gen BK Sharma
Direktør, United Service Institution of India
Manish Shrivastava
Assisterende professor, Department of Energy and Environment, TERI School of Advanced Studies
Maj Gen A K Bardalai
(Retd.) Commandant of the Indian Military and Military Observer, United Nations Verification Mission in Angola
Renata Lok-Dessallien
United Nations Resident Coordinator, India
Maj Gen PK Goswami
VSM (Retd); Deputy Director, The United Service Institution of India
Rania Dagash-Kamara
Leder, Policy and Best Practices, FN´s avdeling for fredsoperasjoner

Relaterte publikasjoner

Publikasjoner

Climate, Peace and Security Fact Sheet: Somalia

Somalia er svært utsatt for virkningene av klimaendringer og ekstremvær. Uten forutgående forebygging vil disse faktorene sannsynligvis forverre eksisterende sårbarheter og redusere folks levebrødsmuligheter, som igjen kan ha negative konsekvenser for stabilitet og sikkerhet i Somalia.

  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Afrika
  • Sårbare stater
  • Klima
  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Afrika
  • Sårbare stater
  • Klima
Publikasjoner
Publikasjoner
Rapport

Climate, Peace and Security Fact Sheet: South Sudan

Flooding and droughts significantly disrupt livelihood patterns and food-security and may result in temporary displacement or longer-term migration. Such shocks exacerbate vulnerabilities and weaken the resilience and adaptive capacity of agriculture-dependent communities; they can heighten competition over natural resources, sometimes leading to cattle raiding and communal conflict. Unpredictable annual variation and extreme weather events, like flooding and droughts, affect pastoralist mobility patterns and routes, and farmers’ agricultural production. These changes may exacerbate tensions between herders and farmers, often in connection with land, grazing, water and communal conflicts. Female-headed households are especially vulnerable to the effects of climate change, as most depend on agriculture to sustain their families, and rely on natural resources like firewood and water. Climate-related livestock losses compound ongoing rivalries, increasing the risk of cattle raiding, which can trigger retaliations, communal conflicts, displacement and the growth of new or existing armed groups.

  • Afrika
  • Fredsoperasjoner
  • Konflikt
  • FN
  • Afrika
  • Fredsoperasjoner
  • Konflikt
  • FN

Relaterte prosjekter

Research Project
2020 - 2023 (Pågående)

Climate-related Peace and Security Risks (CPSR)

Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI) og Stockholm International Peace Research Institute (SIPRI) samarbeider om et klimarelatert freds og sikkerhetsprosjekt som tar sikte på å støtte opp om Norges ...

19 april 2021
10:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
YouTube
Seminar

Temaer

  • Fredsoperasjoner
  • Humanitære spørsmål
  • Klima
  • Energi
  • Hav
  • FN
  • Seminar
  • Digital
  • Engelsk