Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

EUs strategiske kompass

EU er no i gang med å utvikle eit "Strategisk Kompass" for tryggleiks- og forsvarspolitikken sin. Bli med på dette webinaret for å lære meir om bakgrunnen, framgangen og utfordringane prosessen møter.
18 mars 2021
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft teams
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • EU
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital

Sjå heile webinaret her:

Mens EU's globale strategi for 2016 er relativt vag, er håpet at det strategiske kompasset skal klargjere formålet med tryggleiks- og forsvaspolitikken (CSDP). Prosessen knytt til det strategiske kompasset dekkjer tre aspekt: Å formulere den første felles trusselvurderinga for EU, å avtale og semjast om klare og oppnåelege mål for å styrkje EU som ein aktør innan tryggleik og forsvar. Og til sist, å tilby politisk rettleiing til framtidige militære planleggingsprosessar. Denne prosessen er delt inn i fire område: Krisehandtering, motstandsdyktigheit, kapasitetsutvikling og samarbeid.

På grunn av nokre tekniske utfordringar vil ikkje alle få ein stadfestingse-post etter påmelding. Du er likevel registrert i systema våre, og kan delta på arrangementet.

I samarbeid med "German Council on Foreign Relations", vil dette webinaret forklare og diskutere bakgrunnen, framgangen, og utfordringane prosessen møter undervegs. I webinaret vil vi også sjå på det breiare strategiske biletet.

Vil du få invitasjonar til seminar, analysar og ny forsking rett i e-postboksen? Meld deg på NUPIs nyheitsbrev her!

Hovedtalere

Florence Schimmel
Forsker, sikkerhet og forsvar, German Council on Foreign Relations (DGAP)
Christian Mölling
Forskningssjef, German Council on Foreign Relations (DGAP)
18 mars 2021
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft teams
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • EU
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital