Arrangement
WEBINAR: Tryggingsutfordringar ved kunstig intelligens og annan ny teknologi
Aukande konkurranse, større mengder genererte data, og forbetring av maskinlæring har ført til store gjennombrot og framsteg iløpet av dei seinare åra. Ikkje berre er farten denne teknologien utviklar seg i eksponensiell, men spreiinga av nye teknologiar (kunstig intelligens, syntetisk biologi, nevroteknologi) går både på tvers av statar og frå stat til ikkje-statlege aktørar.
Det skaper ei urovekkjande moglegheit for misbruk av denne teknologien, og det krevst løysingar for å førebyggje at dette ikkje skjer. For å komplisere dette ser vi også at konsentrasjonen av nøkkelspelarar inenfor den nye teknologien i nokre land førar med seg nye geostrategiske røyndommar.
Les meir om NUPIs forskingssenter på cybertryggleik her!
På dette webinaret skal Jean-Mark Rickli snakke om den teknologiske utviklinga på dette feltet, og korleis ho skaper nye globale tryggingsutfordringar.
Erik Reichborn-Kjennerud vil gi kommentarar til Rickli's presentasjon. Reichborn-Kjennerud er forskar på NUPI, og spesialierer seg på teknologi og krigføring.
Leiar for forskingsgruppa for tryggleik og forsvar på NUPI, Karsten Friis, er moderator, og det vil vere mogleg for publikum å stille spørsmål mot slutten av webinaret.
Dr Jean-Mark Ricki leier avdelinga for Global Risk and Resilience ved Geneva Centre for Security Policy (GCSP) i Geneve, Sveits. Han er også forskar ved King's College London, og knytte til avdeling for moderne krigføring og tryggleik ved TRENDS Research and Advisory i Abu Dhabi. Han er seniorrådgivar for AI (Artificial Intelligence) Initiative, Future Society ved Harvard Kennedy School og ekspert på autonome våpensystem for FN i rammeverket til Governmental Group of Experts on Lethal Autonomous Weapons Systems (LAWS). Rickli er også medlem av The IEEE Global Initiative on Ethics of Autonomous and Intelligent Systems og ein av leiarane for NATO Partnership for Peace Consortium on Emerging Security Challenges Working Group.
NUPI bruker plattforma Microsoft Teams Live Event til dette webinaret. Hugs derfor å registrere deg i toppen av sidan for å sikre at du får tilsendt ei lenkje til arrangementet. Her er ein kort video som forklarer korleis plattforma fungerer. Webinaret varer frå 14.00 til 15.30.