Arrangement
Sveits-EU: Eit forhold i krise?
Sjå opptaket her:
Etter at EØS-avtalen blei skapt på 1990-talet, blei både EØS og EU-medlemskap avvist av folkeavstemmingar i Sveits. Eit stort tal avtalar blei forhandla med EU, og gav opne grenser kombinert med formell sjølvråderett. Prisen å betale var omfattande overtaking av EUs regelverk, og dessutan nokon holer i avtaleverket. I det siste har EU pressa på for meir automatikk og effektivitet i innarbeidinga av nye reglar, og ein ny rammeavtale blei forhandla i 2018. Denne blei likevel avvist av det sveitsiske føderasjonsrådet, og dette har skapt uklarleik om forholdet.
Vil forholdet mellom Sveits og EU halde fram i harmoni, eller vil EU setje i verk «giljotinklausulen» og seie opp eksisterande avtalar? Kor reell er Sveits' sjølvråderett samanlikna med EØS? Er den sveitsiske modellen ein opsjon også i dag , for «Brexiteers» og andre som er bekymra for sjølvråderetten? Korleis er det å forhandle med EU i dag, samanlikna med for 25 år sidan? Michael Ambühl er blant dei som best er i stand til å fortelje oss kvar dette endar.
Frå 2013 har Dr. Ambühl vore professor i forhandling og konflikthandtering ved det føderale teknologiinstituttet ETH Zürich. Før dette hadde han ein diplomatisk og politisk karriere, blant anna som statssekretær for utanrikssaker, med ei viktig rolle i forhandlingane om fleire sentrale avtalar mellom Sveits og EU, og dessutan avtalar om bankregulering og skattlegging med USA og andre land. Les ein av hans nylege artikkler om Sveits-EU her.
Arne Melchior, seniorforskar/førsteamanuensis ved NUPI og Noregs arktiske universitet , har nyleg publisert ei bok om EØS og alternativa, der kapittel 2 gir ei historisk oversikt over Noregs handelsforhandlingar med EU dei siste 50 år.
PROGRAM
12.30-12.35: Innleiing ved NUPI-direktør Ulf Sverdrup
12.35-13.00:Michael Ambühl, ETH Zürich: Forholdet Sveits-EU – fortid og framtid
13.00-13.10: Kommentar ved Arne Melchior, NUPI
13.10-13.30: Dialog og spørsmål