Arrangement
Moglegheiter og utfordringar for Estland og Noreg i Tryggingsrådet
Under dette webinaret diskuterer vi moglegheiter for norsk-estisk samarbeid innanfor ramma av FNs tryggingsråd. Noreg blir roterande medlem av Tryggingsrådet i 2021-2022, Estland har vore roterande medlem sidan 2020.
Gjekk du glipp av dette webinaret? Sjå det på YouTube-kanalen vår:
Webinaret er ein leveranse i prosjektet Multilateralisme under press: Noreg og Estland i FNs tryggingsråd, som undersøkjer moglegheiter for norsk-estisk samarbeid, bilateralt og innanfor ein breiare subregional (nordisk-baltisk) og regional (europeisk) ramme. Døme på aktuelle problemstillingar og relevante samarbeidsområde er klimaendringar, tryggingsutfordringar, cybertryggleik, stormaktsrivalisering og globale pandemiar.
Prosjektet er finansiert av EØS-midlane, og blir utført saman med EFPI – Estonian Foreign Policy Institute.
Webinaret blir sendt på plattforma Microsoft Teams Live Event, så hugs å registrere deg i toppen av sidan for tilsending av lenkje! Det vil ikkje bli sendt ut ein stadfestingse-post, men du vil få lenkja til webinaret seinast dagen før det startar.