Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Korleis vernar vi e-demokratiet vårt?

Korleis kombinerer vi behovet for auka verdiskaping med vern av e-demokratiet vårt?
11 august 2020
14:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk og norsk
Litteraturhuset/webinar
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Cyber
  • Konflikt
  • Engelsk og norsk
  • Seminar
  • Digital

I tråd med at samfunnet blir meir og meir digitalt, blir digitale strukturar eit stadig viktigare element i norsk infrastruktur. Dette byr på både moglegheiter og utfordringar. Data og datakraft har saman eit enormt verdiskapingspotensial. Samtidig ser vi i koronatider ein urovekkjande auke i cyberangrep, falske nyheiter og svindelforsøk som krev auka vaktsemd og bevisstgjering rundt den digitale tryggleiken. Korleis kombinerer vi behovet for auka verdiskaping med vern av e-demokratiet vårt?

12. august er det duka for samtale om dette temaet på Litteraturhuset. Det er plass til berre nokre få deltakarar i Amalie Skram-salen , men det vil også vere mogleg å følgje heile arrangementet direkte her.

I panelet sit Berit Svendsen, internasjonal sjef i Vipps; Roar Thon, fagdirektør tryggingskultur ved Nasjonalt tryggingsorgan ; Lars Gjesvik, forskar i NUPI og Microsofts Casper Klynge, VP European Government Affairs. Arrangementet er eit samarbeid med Microsoft, og blir leidd av seniorforskar Karsten Friis.

Arrangementet er ein del av Møteplass Oslo 2020 - den store møteplassen i haust for politikarar, media, næringsliv og organisasjonar. Når Noreg skal komme seg ut av koronakrisa, er det heilt avgjerande at vi finn dei gode løysingane saman. 12. og 13. august blir derfor nabolaget Litteraturhuset, Park 29 og Lorry fylt med debattar, møte og kveldsarrangement.

11 august 2020
14:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk og norsk
Litteraturhuset/webinar
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Cyber
  • Konflikt
  • Engelsk og norsk
  • Seminar
  • Digital