Arrangement
Kasakhstans reformer og global pandemi: resultat og utfordringar
For å bli med på webinaret, kan du registrere deg her. Webinaret vil gå på Zoom.
Det har gått meir enn eitt år sidan Kasym-Zjomart Tokajev kom til makta som Kasakhstans andre president og initierte eit ambisiøst økonomisk og politisk reformprogram. I 2020 har også Kasakhstan blitt ramma av Covid-19, som har skapt utfordringar for og forseinka reformene. Samtidig har pandemien også fungert som ein katalysator for nye reformer, til dømes innan offentleg sektor, privatisering og grøn vekst. Kasakhstan må samtidig handtere pandemien, og arbeide for å gjere økonomien mindre avhengig av inntekter frå olje og gass.
I dette webinaret vil vi gjere opp status for reformene i Kasakhstan sidan 2019, sjå på korleis pandemien har påverka landet og reformene, og på overgangen til fornybar energi og ein grøn økonomi. Vi vil også diskutere korleis pandemien har påverka Kasakhstans utanrikspolitikk og relasjonar med andre land.
Programmet
14.00 – 14.40
Introduksjon ved Kristin Fjæstad, seniorforskar og leiar for Forskningsgruppen på Russland, Asia og internasjonal handel ved NUPI
«Reformer og Covid-19», Ambassadør Jerkin Akhinzjanov, den kasakhstanske ambassaden til Noreg
«Overgangen til grøn økonomi og fornybar energi», Roman Vakulchuk, seniorforskar på NUPI
«Covid-19 og Kasakhstans utanrikspolitikk i Sentral-Asia», Sultan Akimbekov, Direktør ved instituttet for Asiastudier, Kasakhstan
14.40 – 15.00: Spørsmål og svar