Arrangement
Ukrainsk energisektor i eit nytt politisk landskap
2019 har vore eit innhaldsrikt år i ukrainsk politikk. I april blei Volodymyr Zelenskyj valt til president, og i juli var det parlamentsval. 80 prosent av dei nye medlemmene i parlamentet blei valde for første gong, og har liten eller inga politisk erfaring.
Utviklinga i Ukrainas energisektor har også vore svært innhaldsrik. Ukraina og Russland forhandlar no om ein kontrakt for transport av naturgass gjennom ukrainsk territorium, der resultatet kan ha stor innverknad på økonomien i landet (dagens avgifter står for rundt tre prosent av Ukrainas GDP). Investeringar rundt fornybar energi har auka, og sist, men ikkje minst, har fleire store endringar blitt introduserte for dei styrande organa i energisektoren.
Under dette seminaret skal vi sjå nærare på den politiske dagsordenen i Ukraina etter valet, dei største forandringane i politikken, og den siste utvikling og reformer som har blitt introduserte i energisektoren, under dette transportavtalar for naturgass og fornybar energi.
14.00-14.05: Velkommen ved Helge Blakkisrud, leiar for forskingsgruppa for Russland, Asia og internasjonal handel på NUPI.
14.05-14.20: “Ukraine after the elections”, Anatolii Kyryliuk, prosjektleiar for energi, NUCC
14.20-14.35: “Ukraine's gas sector in an international context”, Petter Nore, professor ved Nord universitet
14.35-14.50: “Norske investeringar i ukrainsk energisektor”, Ijaz Anwar, Project Development Manager, Scatec Solar
14.50-15.30: Spørsmål frå salen
Seniorforskar på NUPI Roman Vakulchuk leier seminaret.
Arrangementet blir strøymt direkte til NUPIs YouTube-kanal: