Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Militærmaktseminaret 2019: Kva vil vi med Forsvaret?

Trusselbiletet endrar seg raskt. Kan morgondagens forsvar forsvare oss? Bli med når vi skal diskutere dette og meir under årets Militærmaktseminar på Litteraturhuset 13. november.
12 november 2019
09:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Wergeland, Litteraturhuset i Oslo
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Norsk

Det er stor semje om at vi treng eit forsvar. Det er også stor semje om at Forsvarets rolle først og fremst er å forhindre krig i Noreg. I tillegg har Forsvaret også andre oppgåver som strekkjer seg over heile krisespekteret, frå å sikre politisk handlefridom og norsk suverenitet, til å bidra til NATOs kollektive forsvar.

Korleis Forsvaret skal løyse desse oppgåvene, er likevel gjenstand for kontinuerleg debatt.

Forsvarssjefens Fagmilitære råd (FMR) blei lagd frami oktober. Konklusjonen er klar, Noregs forsvar er ikkje i stand til å utføre dei oppgåvene dei er pålagde, enten her heime eller for å støtte oppunder NATO. Tilrådinga er derfor at Forsvaret må rustast opp betrakteleg gjennom ein kraftig auke i forsvarsbudsjettet. Vi må velje FMRs alternativ A.

Er politikarane villige til å betale for dette? Er befolkninga i Noreg villige til å betale for dette?  Vil vi med alternativ A få eit forsvar som er sterkt nok til å verne Noreg i ei ustabil og uroleg tid – og stort nok til å bidra til NATOs kollektive forsvar? Korleis har ein komme fram til dette forslaget? Og kva vil dei andre alternativa eventuelt sjå bort frå? Kva oppgåver bør nedprioriterast?

Korleis bør ein planleggje for framtida? Kan vi tilstrekkeleg planleggje for, og verne, Noreg i det Forsvaret omtaler som ei ustabil og uroleg tid? Eller vil verda alltid komme planane i forkjøpet? Er Forsvarets langtidsplanar i tilstrekkeleg grad samordna med andre politiske verkemiddel og sektorar for å løyse primæroppgavene; hindre krig, sikre politisk handlefridom og norsk suverenitet?

På Militærmaktseminaret 2019 skal vi sjå nærare på FMR, løfte blikket opp frå dei tekniske detaljane, og sjå nærare på kva for nokre politiske, strategiske og strukturelle val som bør gjerast i tida framover.

Heile seminaret blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

PROGRAM:

09.00-10.00

Velkommen, NUPI-direktør Ulf Sverdrup

 

Opningstale, forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H)

 

Hovudtrekk frå forsvarssjefens siste Fagmilitære råd, BG Øyvind Kvalvik, Leiar for utgreiinga av FMR

 

Moglegheiter og utfordringar med forsvarssjefens siste Fagmilitære råd, Ståle Ulriksen, Sjøkrigsskolen

 

Spørsmål frå salen

10.00-10.15

Kaffipause

10.15-11.45

Fagdebatt: Planlegging mellom politikk og våpensystem

 

Ordstyrar: Marit Rye Ramberg, Hærstaben

 

Korleis planlegg ein eit forsvar? Oblt. Palle Ydstebø, Krigsskolen

 

Landsmakta mellom atomkrig og små grøne menn, OB Tomas Beck, Hærstaben

 

Sjø og land, hand i hand?  OK Tor Ivar Strømmen, Sjøkrigsskolen

 

Planlegg vi oss i hel?  Erik Reichborn-Kjennerud, NUPI

11.45-12.15

Pause med lett servering

12.15-13.15

Politisk paneldebatt: Forsvarets strategiske innretning mot neste LTP

 

Ordstyrar: Karsten Friis, NUPI

 

Anniken Huitfeldt, stortingsrepresentant (AP)

 

Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant (SP)

 

Hårek Elvenes, stortingsrepresentant (H)

 

Audun Lysbakken, stortingsrepresentant (SV)

 

Christian Tybring-Gjedde, stortingsrepresentant (Frp)

Deltakere

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
Frank Bakke-Jensen
Forsvarsminister
Øyvind Kvalvik
Brigader, leder for utredningen av FMR
Marit Rye Ramberg
Seniorrådgiver, Hærstaben
Palle Ydstebø
Oberstløytnant, Forsvarets Høgskole
Tomas Beck
Oberst, Hærstaben
Tor Ivar Strømmen
Orlogskaptein, Sjøkrigsskolen
Erik Reichborn-Kjennerud
Seniorforsker
Karsten Friis
Forsker 1
Anniken Huitfeldt
Stortingsrepresentant (Ap) og leder for Utenriks- og forsvarskomiteen
Liv Signe Navarsete
Stortingsrepresentant (Sp)
Hårek Elvenes
Stortingsrepresentant (H)
Audun Lysbakken
Stortingsrepresentant (SV)
Christian Tybring-Gjedde
Stortingsrepresentant (FrP)
12 november 2019
09:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Wergeland, Litteraturhuset i Oslo
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Norsk