Arrangement
Kinesiske og nordiske prioriteringar inn mot 2030 berekraftsdagsordenen
Under dette seminaret vil hovudfokuset liggje på økonomiske relasjonar og bistand, fredsoperasjonar, klima og hav – med eit spesielt fokus på kinesiske og nordiske internasjonale engasjement. Det vil bli presentert tidlege funn frå pågåande forsking og vi inviterer deg til diskusjon.
Klikk her for heile programmet til konferansen Day Zero: 2019 SDG Conference Bergen.
Erik Solheim har lang diplomatisk og politisk erfaring på toppnivå frå utvikling, miljø og fred og konflikt. Han leidde nyleg FNs miljøprogram, og han er tidlegare leiar av utviklingskomiteen til OECD. Han har bakgrunn som utviklingsminister og miljøminister, og har jobba tett med Kina over mange år.
Forskingspresentasjonar:
Hans Jørgen Gåsemyr (NUPI/UiB): International SDG priorities
Elling Tjønneland (CMI): Economic engagements in Africa
Kari M. Osland (NUPI): Peace and conflict involvement
Lingling Suo (Nansensenteret for miljø og fjernmåling) og Hans Jørgen Gåsemyr (NUPI/UiB): Climate change impacts and ocean economies
Erik Solheim gir førebudde kommentarar.
Ordstyrar er Camilla Brautaset, professor og leiar for UiBs Kina kompetanseutval.
Arrangementet blir organisert i samarbeid med Christian Michelsen Institutt (CMI) og Universitetet i Bergen (UiB), og er ein del av UiBs konferanse Day Zero: 2019 SDG Conference Bergen.