Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Frukostseminar: Korleis ser Kina på verdsøkonomien?

Vi høyrer mykje om bremsa økonomisk vekst for Kina og handelskrigen med USA. Korleis vurderer kinesiske økonomiforskarar situasjonen og kva betyr det for andre land og Noreg?
19 november 2019
08:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Handel
  • Internasjonale investeringer
  • Asia
  • Engelsk

Vi serverer frukost frå 08.00!

den kinesiske økonomien veks, men takten bremsar og mange ser på handelskrigen med USA som ei viktig årsak. Samtidig styrkar Kina dei økonomiske relasjonane og satsane sine tungt på infrastruktur og betre handelsvegar, ikkje minst gjennom Belte og veg-initiativet.

For mange land har Kina for lengst blitt ein viktig handelspartnar, mange stadar den største, og med veksten sin får Kina større politisk innverknad i internasjonal økonomi.

Under dette seminaret spør vi kva kinesiske forskarar sjølv tenkjer om nasjonal og internasjonal økonomisk utvikling. Korleis ser dei på handelskrigen med USA og moglege løysingar? Og korleis kan andre land, inkludert Noreg, blir påverka på kort og lengre sikt?

Arrangementet er del av norsk-kinesisk symposium for forsking innan samfunnsvitskap, humaniora og juss, som i år blir arrangert ved NUPI, og der internasjonal økonomisk styring er tema.

Deltakere

Iselin Nybø
Forsknings- og høyere utdanningsminister (V)
Yuyan Zhang
Direktør, Institute of World Economics and Politics (IWEP), Chinese Academy of Social Sciences (CASS)
Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
Hans Jørgen Gåsemyr
Seniorforsker
19 november 2019
08:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Handel
  • Internasjonale investeringer
  • Asia
  • Engelsk