Arrangement
Ein stadig lausare union? Differensiering i europeisk integrasjon
Å finne den rette balansen mellom suverenitet og mellomstatleg integrasjon har vore ei vedvarande problemstilling i den europeiske integrasjonshistoria. Med den britiske avgjerda om å forlate EU, og frykta for at andre land kan ønskje å følgje det britiske dømet, blir dette stadig meir aktuelt. Slik det ser ut no er det rimeleg å tru at vi vil sjå meir av såkalla fleksibel integrasjon i framtida. Kva dette vil bety i praksis og korleis ulike aktørar og styringsnivå i EU og tredjeland vil ta omsyn til dette veit vi derimot lite om.
På seminaret vil følgjande spørsmål klargjerast: Kva er differensiert integrasjon? Korleis har det utvikla seg? Og kva er dets vilkår og mekanismar? Ifølgje Frank Schimmelfennig har differensiering tilrettelagt for europeisk integrasjon, samtidig som det i avgrensa grad kan bidra til å handtere utfordringane EU står ovanfor i dag.
Frank Schimmelfennig er professor i europeisk politikk og knytte til Center for Comparative and International Studies ved ETH Zürich. Schimmelfennig forskar på teoriar om europeisk integrasjon med eit særleg fokus på EU-utviding, differensiert integrasjon, demokratifremme og demokratisering.
Arrangementet er del av NUPIs seminarserie Noreg møter Europa og det nye forskingsprosjektet EUFLEX. Ordstyrar er Pernille Rieker, Professor I på NUPI.
Taler
Ordstyrer
Relaterte prosjekter
Norge møter Europa
Europa er i stadig endring. Ettersom Norge er en del av Europa og tett sammenvevd med EU så vil økonomiske, og politiske endringer på kontinentet ha store virkninger for landet....
Balancing between integration and autonomy. Understanding the drivers and mechanisms of EU's foreign, security and defense policy (EUFLEX)
EUFLEX studerer både hvordan EU, medlemsstatene og assosierte stater, som Norge, balanserer mellom hensynet til å ivareta nasjonal selvbestemmelse (autonomi) på den ene siden, og lojalitet til selve E...