Arrangement
Den politiske situasjonen i Etiopia og ringverknader for Afrikas Horn
I april 2018 blei Abiy Ahmed valt til statsminister i Etiopia. Dette kom etter ein periode med politisk uro nasjonalt, regionale protestar og uvisse innan regjeringskoalisjonen EPRDF. Abiy gjekk fort i gang med politiske og økonomiske reformer, og starta fredssamtalar med Eritrea, noko han blei feira for både nasjonalt og internasjonalt. I det siste har ein derimot sett aukande etnisk spenning, at den gjenopna grensa mot Eritrea er stengd igjen, og eit mislykka kuppførsøk i Amhara-regionen.
I dette seminaret vil Dr. Abdeda Beyene frå Centre for Dialogue, Research and Cooperation i Etiopia gi eit oppdatert bilete om den pågåande politiske situasjonen i Etiopia og dets eventuelle ringverknader for Afrikas Horn.
Endringane ein har sett i Etiopia har ført til endringar i heile regionen. Hendingar på Afrikas Horn har bevega seg i mange overraskande retningar. Skiftet i forholdet og tilnærminga til Etiopia og Eritrea, som no er allment akseptert, kan tilskrivast endringane i Etiopia og delvis til kontaktar på høgt nivå formidla av Gulf-regjeringane. Tilnærminga mellom Etiopia og Eritrea har også utløyst eit initiativ som ser på ein ny regional integrasjon mellom Somalia, Etiopia og Eritrea. Men dette har konsekvensar for regionale alliansar og måten IGAD fungerer på. Dette treng derfor ei seriøs gransking. Følgjeleg kan dette seminaret sjå på den politiske, freds- og tryggingsmessige, økonomiske og sosiale effekten av endringane i Etiopia, dei viktigaste faktorane som har utvikla seg, og synleggjere scenaria for desse trendane for IGAD-regionen og implikasjonane deira.
Abdeta Dribssa Beyene er Administrerande direktør for Centre for Dialogue, Research and Cooperation (CDRC). Han har ein PhD i statsvitskap frå Northwestern University i Chicago, USA, og han har lang erfaring frå ulike stillingar i det etiopiske utanriksdepartementet.
Etter presentasjonen vil det vere mogleg å stille spørsmål.
Ordstyrar er seniorforskar på NUPI, Jon Harald Sande Lie.