Arrangement
Tryggleik i Norden og Baltikum i usikre tider – korleis hengjar forsvar og energi saman?
På dette seminaret presenterer forskarar frå NUPI og PISM (Polish Institute of International Affairs) funn frå prosjektet Nordic-Baltic Security in Times of Uncertainty: The Defence-Energy Nexus. I prosjektet har ekspertane undersøkt korleis energipolitikk i denne regionen blir påverka av endringar i oppfatninga av truslar og av respons på tryggingsutfordringar som følgjer av Russlands politikk overfor naboane sine og NATO. Kva rolle infrastruktur på energifeltet speler i ei potensiell militær krise som involverer Russland og NATO, er vigd spesiell merksemd. Tilrådingane som blir gitt på bakgrunn av prosjektet dreier seg om område der eit polsk-norsk samarbeid i skjeringspunktet mellom energi og forsvar kan styrkje tryggleiken i regionen.
Eit ekspertpanel skal blant anna diskutere viktige spørsmål som:
Kan Polen og Noreg spele ei avgjerande rolle for å forbetre tryggleiken i den nordisk-baltiske regionen?
I kor stor grad overlappar polske og norske oppfatningar om korleis truslane i regionen har utvikla seg sidan 2014?
Har landa lykkast i å opprusa sin eigen tryggleik via NATO?
Kva rolle speler energi i tenkinga rundt tryggleik og forsvar i Polen og Noreg?
Kan samarbeid mellom Warszawa og Oslo bidra til å bryte ned mønstre av energiavhengnad som undergrev kredibiliteten til NATOs forsvars- og avskrekkingspolitikk i regionen?
Dette prosjektet fekk støtte frå Island, Liechtenstein og Noreg gjennom EØS-midlane og Norway Grants, og blei utført av PISM og NUPI. Målet var å få fram ny kunnskap og tilrådingar for tettare samarbeid mellom Polen og Noreg innan tryggingspolitikk, med særleg vekt på energi og forsvar. Prosjektet har også skapt ei plattform kor polske og norske styresmakter, akademikarar og ekspertar kan utveksle kunnskap, erfaringar og idear.
PROGRAM
13:00 – 13:30 Registrering og velkomstlunsj
13:30 – 14:30 Velkomst og presentasjon av prosjektet og funn
Wojciech Lorenz, senioranalytikar, Polish Institute of International Affairs
Jakub M. Godzimirski, Forskar I, Forskningsgruppen for Russland, Eurasia og Arktis, NUPI
Ordstyrar: Marcin Terlikowski, Head of the International Security Programme, Polish Institute of International Affairs
14:30 – 15:30 Paneldiskusjon
Polen og Noreg: Korleis byggje felles tryggleik i regionen?
Agnieszka Legucka, Analytikar, Polish Institute of International Affairs
TBC
Bartosz Bieliszczuk, Analytikar, Polish Institute of International Affairs
TBC
Ordstyrar: Jakub M. Godzimirski, Forskar I, Forskningsgruppen for Russland, Eurasia og Arktis, NUPI
Talere og ordstyrere:
Relaterte prosjekter
Security in Europe - Polish and Norwegian Perspectives (PISM_NUPI_Bilateral)
Prosjektet, som er et samarbeid mellom PISM og NUPI, tar sikte på å kartlegge polsk og norsk forståelse av de viktigste sikkerhetspolitiske utfordringer i Europa og på det regionale planet....