Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Ti år etter krigen mellom Russland og Georgia: geopolitikk i Sør-Kaukasus og i Svartehavsregionen

Georgias utanriksminister David Zalkaliani skal snakke om situasjonen i landet og områda rundt ti år etter slutten av krigen.
12 november 2018
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Asia
  • Engelsk

Georgias ønske om tettare europeisk og euroatlantisk integrasjon har saman med omfattande økonomiske og politiske reformer bidratt til at Georgia har blitt eit utvikla demokrati. I tillegg har Tbilisis band med Vesten blitt styrkt gjennom gode forhold til nabolanda sine. Sør-Kaukasus er eit knutepunkt med ulike økonomiske og politiske interesser. Georgias partnarskap med Aserbajdsjan og Tyrkia, og det gode forholdet til Armenia skaper eit solid grunnlag for at regionen skal kunne bli til eit viktig sentrum for økonomi og transport.

«Etter anneksjonen av Krim har spørsmål knytt til tryggleik i Svartehavsregionen fått mykje merksemd på den internasjonale dagsordenen. Som bidragsytar til den globale tryggleiken og ein ivrig NATO-partnar, er Georgia no i stand og villig til å delta aktivt i denne viktige forpliktinga.»

Det seier Georgias utanriksminister David Zalkaliani som besøkjer NUPI 13. november. Hans skal snakke om denne tematikken og presentasjonen hans har tittelen «Ti år etter krigen mellom Russland og Georgia: geopolitikk i Sør-Kaukasus og i Svartehavsregionen».

Statssekretær i UD Audun Halvorsen vil gi ein kort introduksjon til Zalkalinins tale.

Arrangementet blir leidd av seniorforskar på NUPI Helge Blakkisrud. Seminaret blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Talere

David Zalkaliani
Utenriksminister, Georgia
Audun Halvorsen
statssekretær (H), Utenriksdepartementet
12 november 2018
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Asia
  • Engelsk