Arrangement
Militærmaktseminaret 2018: Ny verda – nytt NATO?
Trump-administrasjonen har utfordra fleire av grunnpilarane til det tradisjonelt sterke forholdet mellom Europa og USA. I tillegg til sprikjande syn og politikk på handel, tariffar og klimaendringar, har pressa på dei europeiske allierte til å nå toprosentmålet auka dramatisk sidan Trump kom til makta. Framtida til amerikansk forsvarsforplikting og nærvær i Europa kan bli vilkårsbunde av europeiske forsvarsutgifter.
Det er mogleg at denne utviklinga kan føre til ei undergraving av solidaritet og amerikanske tryggingsforpliktingar. I verste fall kan det hende at Europa må stole på eit NATO med lita amerikansk involvering. Det er ikkje sannsynleg at USA nokon gong formelt vil forlate forsvarsalliansen, men amerikanarane kan velje å bidra med mykje mindre ressursar enn dei gjer i dag. Trass i nye insentiv for å styrkje EUs tryggleiks- og forsvarsevne, er det usannsynleg at EU nokon gong vil ta over den kollektive forsvarsrolla NATO har. Forsvaret av Europa må kanskje stole meir på eit «europeisk NATO» enn før – eller alternativt skape sterkare bilaterale band mellom USA og kvart enkelt europeiske land. Sidan vi ikkje lenger kan avvise slike scenarium, har tida komme for å spørje seg korleis eit alternativt rammeverk for forsvar og tryggleik kan sjå ut.
Kva kan eit europeisk NATO gjere åleine for å forsvare Europa? Kva tiltak kan bidra til å styrkje dagens svake og fragmenterte forsvarsstruktur i Europa mest mogleg effektivt? Kan vi forvente ein større innbyrdes konkurranse om å styrkje dei bilaterale banda sine til USA, og burde det i så fall vere lausrive frå NATO? Bør Noreg fokusere på sikring mot risikoen i ulike framtidige scenarium, eller styrkje dagens forsvarsstrategi?
2018 markerer Militærmaktseminarets 20-års jubileum. Årets seminar ønskjer å gi eit innblikk i eit ukomfortabelt framtidsscenario der løysingar som eit større nordisk forsvarssamarbeid, ei meir bilateral verd, eller den potensielle nye rolla til viktige land som Tyskland, skal diskuterast. Det vil vere bidrag frå ei rekkje ekspertar frå inn- og utland og norske avgjerdstakarar.
Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:
STAD: Wergeland, Litteraturhuset, Oslo.
PROGRAM:
08.30-09.00 | Kaffi og registrering |
09.00-10.15 | Velkommen ved NUPI-direktør Ulf Sverdrup |
| Opningstale: forsvarsminister Frank Bakke-Jensen |
| Keynote: Normal is Over: “Make America Great Again” and the consequences for NATO and Europe, Constanze Stelzenmüller (Brookings Institution ) |
10.15-10.30 | Kaffipause |
10.30-11.30 | Del 2: A European NATO? |
| Ordstyrar: Karsten Friis (seniorrådgivar, NUPI) |
| Regionalization or fragmentation of NATO? Jens Ringsmose (direktør, Institutt for militære operasjonar, Forsvarsakademiet, Danmark) |
| Will Germany become the future defence pillar of Europe? Ulrike Franke (Policy Fellow, European Council of Foreign Relations – ECFR) |
| UK's security commitments to Europe after Brexit. Andrew Dorman (Professor, Department of Defence Studies, King's College London) |
| France and the defence of Europe. Pernille Rieker (seniorforskar, NUPI) |
| What is the potential of Nordic defence cooperation? Karlis Neretnieks (Kungl Krigsvetenskapsakademien, Sverige) |
11.30-11.45 | Kaffipause |
11.45-12.45 | Del 3: Paneldebatt: Can Europe defend Europe? |
| Ordstyrar: Karsten Friis |
| Deltakarar: Jens Ringsmose, Ulrike Franke, Andrew Dorman, Pernille Rieker, Karlis Neretnieks |
12.45-13.30 | Lunsj i Kjelleren, Litteraturhuset |
13.30-15.00 | Del 4: Konsekvensar for Noreg. Treng vi ein plan B? (vil gå føre seg på norsk) |
| Ordstyrar: Kate Hansen Bundt (generalsekretær DNAK og styreleiar i NUPI) |
| Innleiing: Generalløytnant Rune Jacobsen (Sjef, Forsvarets operative hovudkvarter ) |
| Paneldebatt med: |
| Tone Skogen, statssekretær FD (H) |
| Hårek Elvenes, stortingsrepresentant (H) |
| Espen Barth Eide, stortingsrepresentant, (Ap) |
| Kari Elisabeth Kaski, stortingsrepresentant (SV) |