Arrangement
Kva utfordringar står NATO overfor?
I ei fråsegn frå generalsekretær Jens Stoltenberg står det at NATOs mål med toppmøtet er å styrkje bandet mellom Europa og Nord-Amerika, samtidig som alliansen skal tilpasse seg det tjueførste hundreåret.
Målsetjinga er like naturleg som ho er ambisiøs. Toppmøtet kjem i kjølvatnet av ein uvanleg turbulent periode for den snart 70 år gamle forsvarsalliansen. Frustrasjonen til Trump-administrasjonen omkring det dei meiner er europeisk gratispassasjer-mentalitet illustrerer er berre ein av mange gryande transatlantiske gnissingar. Gnissingane har i tillegg oppstått i ei tid der trusselbiletet er meir uoversiktleg enn på lenge.
Det herskar usemje om usemja er av forbigåande art, eller om dei tvert imot er symptom på grunnleggjande interessekonfliktar. Er vi vitne til ein potensielt øydeleggjande transatlantisk interessekonflikt? Kva kjerneinteresser har partnarane til alliansen, er desse kompatible, og kanskje endå meir presserande: Korleis skal byrdene med å forsvare Vesten blir fordelte? Desse utfordringane utgjer dei viktigaste premissane for debatten om kva NATO skal vere i det tjueførste hundreåret og ikkje minst for korleis den mest stabile alliansen i historia skal halde nettopp fram med å vere dette.
Arrangementet 14. juni har som mål å auke forståinga for dei strategiske utfordringane NATO – og dermed også Noreg – står overfor. Sett i lys av eit forverra tryggingsmiljø vil seminaret spesielt fokusere på transatlantiske relasjonar. Diskusjonen vil gå inn på det omdiskuterte to-prosentmålet, byrdefordeling, alliansesolidaritet, vår tids trusselbilete og andre krevjande spørsmål.
Til å snakke om dette, har NUPI gleda av å presentere følgjande deltakarar:
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide
Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen
Lt.Gen.(ret) Douglas Lute, seniorforskar ved The Future of Diplomacy Project ved Harvard's Belfer centar, og tidlegare amerikansk representant til Det nordatlantiske rådet
Barbara Kunz, forskar ved Institut français des relations internationales (Ifri).
Seniorrådgivar på NUPI Karsten Friis leier arrangementet.
Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal: