Arrangement
Fiskeriressursar i framtidas Indonesia – korleis møte utfordringane?
Indonesia har den nest lengste kystlinja i verda, og ho er heim til nesten 100 millionar menneske. Fisking er ei grunnleggjande kjelde til mat, inntekt og kulturarv til innbyggjarane i landet, samtidig som ho er heilt avgjerande for nasjonal mattryggleik og god ernæringsmessig helse. Samtidig står Indonesia overfor alvorlege utfordringar med berekraft, både på grunn av nedbrytning av viktige marinehabitat, og klimaendringar som gjer det vanskeleg å halde oppe fangstnivået.
På bakgrunn av dette har den indonesiske regjeringa med Susi Pudjiastuti i spissen lansert ein ny fiskeripolitikk basert på tre grunnpilarar: suverenitet, berekraft og velstand. Målet er å i større grad kontrollere havområda rundt landet, noko som også inkluderer kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske.
Noreg og Indonesia jobbar saman om kamp mot fiskerikriminalitet, og fagdirektør i Fiskeriforvaltningens analysenettverk i Nærings- og fiskeridepartementet, Gunnar Stølsvik, skal før Pudjiastutis presentasjon snakke om samarbeidet dei to landa har.
Susi Pudjiastuti er fiskeriminister ved ministry of Marine Affairs and Fisheries (MMAF) under president Joko Widodo.
Ordstyrar er Åsmund Weltzien.
Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal: