Arrangement
Etterretning og kontroll i ei verd av komplekse truslar
Sidan millenniumskiftet har etterretningstenestene arbeidd i eit spent og raskt skiftande tryggingsmiljø. Terrortruslar har blitt meir komplekse, som til dømes dei som framveksten av IS har ført med seg. Klimaet mellom aust og vest har kjølna etter Russlands intervensjon i Ukraina og annekteringa av Krim. Vidare har den omfattande informasjonsinnsamlinga og påtrengjande overvakingspraksisen som Edward Snowden avslørte, gitt nye utfordringar.
17. oktober skal jusprofessor Ian Leigh og seniorforskar Njord Wegge presentere den nye boka si «Intelligence Oversight in the Twenty-First Century. Accountability in a Changing World». Boka tar for seg påverknaden dei ovanfor nemnde faktorane har på tryggleiks- og etterretningstenester i ei rekkje land, og utfordringane dei skaper for tenestene som så må tilpasse seg. Boka ser også på utviklinga til overvakingspraksisen i Noreg, Romania, Storbritannia, Belgia, Frankrike, USA, Canada og Tyskland, og gir eit oppdatert bilete på situasjonen.
Etter presentasjonen av boka blir det debatt og kommentarar frå ei rekkje ekspertar på området.
Del 1: Presentasjon av boka “Intelligence Oversight in the Twenty-First Century. Accountability in a Changing World”
Ordstyrar: Ingvild Bruce, stipendiat, Universitetet i Oslo
Eldbjørg Løwer, leiar for Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-utvalet).
Ian Leigh, jusprofessor, Durham University
Njord Wegge, seniorforskar, NUPI
Del 2: Debatt: Korleis kan vi sikre legitimitet i etterretningsarbeidet i ei verd med stormaktsrivalisering, terrorisme og overvakingsstatar?
Ordstyrar: Ingvild Bruce, stipendiat, Universitetet i Oslo
Genevieve Lester, Dei Serio Chair of Strategic Intelligence, US Army War College
Emil Bock Greve, leiar for Det danske kontrollorganet for dei hemmelege tenestene
Jon Fitje Hoffmann, fagdirektør, Politiets tryggingsteneste (PST)
Del 1 av arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal: