Arrangement
Er norsk petroleumssektor godt nok rusta mot cyberangrep?
Bruken av digitale våpen er eit veksande globalt problem. Samfunnet blir stadig meir digitalisert – og dermed også meir sårbart for angrep. Desse sårbarheitene blir utnytta i aukande grad av statar og andre internasjonale aktørar: det blir stole informasjon og det blir utført sabotasje.
Politisk motiverte digitale angrep mot infrastruktur i petroleumssektoren er ein slik trussel, men han har i stor grad har vore oversett blant politikarar og næringslivsleiarar i Noreg. Noregs olje- og gassleveransar til Europa kan – i ein internasjonal krisesituasjon – bli utsett for angrep som er av ein heilt annan storleik enn dei digitale angrepa som offentleg og privat sektor opplever dagleg. Slike angrep kan ha som formål å stanse eller forpurre den fysiske leveransen av olje og gass, og vil dermed ha direkte konsekvensar utanfor det digitale domenet. Dette kan ha både økonomiske, tryggingspolitiske og miljømessige implikasjonar.
Digitale sabotasjeangrep mot kritisk infrastruktur er sjeldne, men sest stadig oftare i samband med internasjonale kriser og konfliktar. Risikoen for cyberangrep må derfor vurderast med utgangspunkt i dagens tryggingspolitiske bilete, med særleg vekt på den geopolitiske utviklinga vi ser i Europa. Som følgje av den utstrekte digitaliseringa av fysisk infrastruktur og ein pågåande trend der fleire statar utviklar evne til å gjennomføre offensive cyberoperasjoner, er det grunn til å tru at denne trusselen aukar, heller enn minskar i åra framover.
Er Noreg godt nok sikra for eit slikt sabotasjeangrep? Dette skal diskuterast 27. februar, og arrangementet presenterer prosjektet «Digitale Sabotasjeangrep mot Norsk Petroleumssektor (DISP)» der NUPI-forskar Lilly Pijnenburg Müller har vore prosjektleiar. Ho vil innleie diskusjonen med hovudfunn frå prosjektet, som i tillegg til å kartleggje trusselbiletet også har sett på problematikk og uklarleikar i ansvarsfordelinga ved handtering av slike angrep.
Med seg har ho tre ekspertar på området som skal diskutere ulike problemstillingar som:
Er vi førebudde på eit digitalt angrep mot norsk petroleumssektor?
Kjenner vi våre eigne sårbarheiter?
Under kva omstende kan vi forvente å bli ramma av cyberangrep?
Korleis er ansvaret fordelt mellom privat og offentleg sektor i forsvaret av digital kritisk infrastruktur i petroleumssektoren?
Panelet består av:
Are Jacobsen, Gassco
Asbjørn Ueland, Petroleumstilsynet
Hans Christian Pretorius, Noregs nasjonale cybersenter - NorCERT, Nasjonalt tryggingsorgan - NSM
Ordstyrar er seniorrådgivar på NUPI Karsten Friis. Martin Kjellsen frå Justis- og beredskapsdepartementet skal også bidra med eit innlegg før paneldiskusjonen.
Første del av arrangementet blir strøymd direkte på NUPIs Youtube-kanal: