Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Eit kritisk blikk på terrorismeforskinga: Om makt, overvaking og førebygging av valdeleg ekstremisme

Kva er kritisk metode? Når og korleis kan kritiske metodar vere nyttige innan terrorismeforskinga?
27 november 2018
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk

Charlotte Heath-Kelly besøkjer NUPI for å vise korleis kritiske tilnærmingar kan bidra til at debatten omkring terrorisme blir retta inn mot anna enn årsaker. Ho argumenterer for at kritiske metodar er viktige verktøy når ein vil undersøkje spørsmål som: «Kvifor er samfunnet organisert på ein måte, og ikkje andre?», «kven drar fordel av det?», og «kva for nokre etiske konsekvensar har ei slik organisering?». Seminaret vil handle om fellestrekk ved kritiske metodar og samtidig vise fram praktiske døme for å synleggjere korleis eins tilnærming har direkte konsekvensar for forskinga.

Heath-Kelly vil ved hjelp av kritiske metodar analysere såkalla anti-radikaliseringsprogram (Counter Violent Extremism, eller CVE) ideen om radikaliseringsprosessar, og korleis desse har blitt utbreidde trass i ho meiner at dei er bygd på eit sviktande vitskapleg grunnlag. Presentasjonen vil og klargjere dei politiske vendepunkta som førte til at ein i ei viss grad vente seg bort frå strukturelle forklaringar som fattigdom og undertrykking når ein skulle forklare radikalisering.

Som ei oppmoding til ein livleg debatt om dette viktige skiljet innan terrorismeforskinga har vi invitert Thomas Hegghammer til å delta som kommentator.

Charlotte Heath-Kelly er førsteamanuensis i politikk og internasjonale studium ved University of Warwick i Storbritannia. Forskinga hennar undersøkjer integrasjonen antiterrorisme har i europeiske helse- og sosialtenester. Ho har akkurat avslutta ein studie finansiert av Wellcome Trust om førebyggingsstrategien til Storbritannias National Health Service som trenar opp legar og sjukepleiarar til å identifisere potensielle radikale pasientar. Heath-Kelly har publisert fem bøker om terrorisme, antiterrorisme og kritisk metode innanfor politikk og internasjonale relasjonar.

Thomas Hegghammer er seniorforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og professor ll ved Universitetet i Oslo. Hegghammar er forfattar og medforfattar på fleire bøker, inkludert Jihadi Culture (Cambridge 2017), Jihad in Saudi Arabia (Cambridge 2010), al-Qaida in its own words (Harvard 2008), og The Meccan Rebellion (Amal 2011).

Arrangementet blir leidd av seniorforskar på NUPI, Rita Augestad Knudsen, og er i regi av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.

Deltakere

Charlotte Heath-Kelly
Associate Professor of Politics and International Studies, University of Warwick, UK
Thomas Hegghammer
seniorforsker, FFI
27 november 2018
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk