Arrangement
Cyberetterretning og nordisk tryggleik
Nasjonalstatlege cybertrusselaktører utfører operasjonar mot nettverk i offentleg og privat sektor i for å stele sensitiv informasjon. Internasjonale cyberoperatører har likevel også demonstrert evna og vilje til å gjennomføre angrep som øydelegg data og påverkar drifta av kritisk infrastruktur.
NUPI inviterer deg til eit foredrag om dette temaet med Patrik Maldre. Han er Senior Cyber Threat Intelligence Analyst ved FireEye. Han skal snakke om cybertrusselaktører, spesielt dei som er knytt til Russland, og farane dei utgjer for nordisk tryggleik. Han vil også diskutere kva rolle cyberetterretning har som støtte både for strategisk leiarskap og taktisk forsvar mot desse cyberoperasjonene.
Discussant til presentasjonen er NUPI-forskar Lilly Pijnenburg Müller. Ordstyrar er seniorforskar og leiar for NUPIs Cyber Security Centre, Niels Nagelhus Schia.