Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Teoriseminar: Cybertryggleik – Attribusjon og det internasjonale samfunnet

I dette teoriseminaret skal Dr. Madeline Carr presentere publikasjonen sin om attribusjon og det internasjonale samfunnet i cybertryggleik som det er forstått av Hedley Bull, der ho bruker cyberspace som casestudie.
22 mars 2017
13:15 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Engelsk

Då The Anarchical Society blei gitt ut i 1977 var verda på dørstokken til ein seismisk-teknologisk endring. Telefonar var framleis kopla til ein leidning, brev var berebjelken for både privat og kommersiell kommunikasjon, og datamaskiner fanst stort sett berre på universitet og på militære forskingsanlegg.

Hedley Bull's idear om korleis sosiale prosessar mellom ulike aktørar reduserte anarkiet i internasjonal politikk, blei utvikla innanfor ramma av den industrielle tidsalderens teknologi. Han spekulerte berre så vidt på korleis ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) kan påverke sosiale prosessar i framtida. Førti år med eventyrleg utvikling i teknologi – både når det gjeld omfang og skala – har reist mange spørsmål, men få svar, om korleis ny teknologi forsterkar eller motseier det vi trur vi forstår om internasjonale relasjonar.

I dette teoriseminaret skal Dr. Madeline Carr presentere publikasjonen sin "Cyberspace and International Order". Carr er seniorforelesar i internasjonale relasjonar med fokus på global cybertryggleik og internettovervaking. Forskinga hennar er forankra i ei brei utgreiing av korleis ny teknologi både forsterkar og forstyrrar konvensjonelle rammeverk for å forstå internasjonale relasjonar og implikasjonane av dette har for staten og global tryggleik, orden og styring.

Møteleiar er Niels Nagelhus Schia, leiar for Cyber Security Forum på NUPI. Han har over fleire år har fordjupa seg i spørsmål som omhandlar internasjonale organisasjonar, fredsbygging og institusjonsbygging.

PROGRAM:

13.15-14.00 presentasjon av Dr Madeline Carr
14.00-15.00 Q&A

Hovedtaler:

Madeline Carr
Professor i global politikk og cybersikkerhet, UCL
22 mars 2017
13:15 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Engelsk