Arrangement
Mokhtar Belmokhtar: ein jihadists overlevingsguide til Sahel
Konsortiet for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet har gleda av å invitere til seminar med seniorforskar på NUPI Morten Bøås.
Seminaret vil særleg sjå på den gradvise svekkinga av stat og statsmakt i Sahel og korleis dette har opna opp for valdelege entreprenørar som den militante jihadisten Mokthar Belmokhtar; menn som klarer å kombinere krigar-jihadistrolla med ulike former for inntektsbringande illegale verksemder. Sistnemnde har oftare skjedd i samarbeid med statlege aktørar enn i opposisjon til dei.
Midt mellom dette er det befolkningar i perifere strøk som må ta omsyn til dei aktørane som er mest relevante for overlevingsstrategiane sine i kvardagen, heilt uavhengig om dette er staten eller nokon vi stemplar som terroristar.
Morten Bøås (PhD) er seniorforskar ved NUPI og jobbar i hovudsak med tema knytt til fred og konflikt i Afrika, inkludert problemstillingar som landsrettar og statsborgarskapskonfliktar, ungdom, eks-stridande og det nye landskapet som teiknar seg med omsyn til opprør og geopolitikk.
Bøås har forfatta og redigert ei rekkje bøker og artiklar i akademiske tidsskrift, og han har gjort djuptpløyande feltarbeid i fleire afrikanske land.
Møteleiar er seniorforskar Rita Augestad Knudsen. Ho arbeider spesielt med kontraterror og anti-radikalisering, knytte til C-REX (Senter for Ekstremismeforskning) og Terrorkonsortiet.